Niels Vibe Stockfleth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nils Vibe Stockfleth)
Hopp til navigering Hopp til søk
Niels Vibe Stockfleth
Nils Joachim Christian Vibe Stockfleth.jpg
Fødd 11. januar 1787
Fredrikstad
Død

26. april 1866
Sandefjord

Yrke leksikograf, språkforskar, prest, misjonær, omsetjar, bibelomsetjar

Nils Joachim Christian Vibe Stockfleth (11. januar 178726. april 1866) var ein dansk og norsk offiser og geistleg. Stockfleth var sentral i arbeidet med å vidareutvikle det nordsamiske skriftspråket1800-talet. Han skreiv ein samisk grammatikk, ei samisk ordbok og fleire religiøse skrift på samisk.

Oppvekst, utdanning og arbeid[endre | endre wikiteksten]

Niels J.Chr. Vibe Stockfleth var fødd i Fredrikstad. Foreldra hans var prosten Niels Stockfleth (1756-1794) og Anne Johanne Vibe (1753-1805). Stockfleth var student i København frå 1803 til 1804 då han vart tilsett som ekstraskrivar i Det danske kancelli. Han følgde juridiske førelesingar, ei tid gjekk han òg i snikkarlære. I 1808 vart han løytnant, han deltok i slaget ved Sehested i 1813.

I 1814 reiste han til Noreg og gjekk inn i den norske hæren. Her fekk han etter kvart teneste i Valdres, og etter å ha arbeidd nokre år som huslærar hos soknepresten i Slidre, fekk han i 1823 tenestefri for å studere teologi. I desember 1824 tok han eksamen i teologi, og i mars 1825 vart han utnemnt til sokneprest i Vadsø. I 1828 vart han overført til Lebesby. i 1839 fekk han avskil frå fast presteteneste slik at han betre kunne halde fram arbeidet til beste for det samiske folket.

Språkforskaren[endre | endre wikiteksten]

Stockfleth høyrde til opplysningstida sine teologar. Han gjorde eit stort arbeid som prest for det samiske folket, spesielt på det litterære området. I samarbeid med den danske språkforskaren professor Rasmus Rask utvikla Stockfleth det samiske skriftspråket vidare slik at det kunne verte brukt i religiøs litteratur. Han gav ut fleire samiske lesebøker og ein samisk grammatikk.

Både i pressen og i regjeringa var det sterke krefter som meinte at samane burde få all undervisning på norsk, og at undervisning på samisk språk berre forseinka arbeidet med å modernisere det samiske folket.

Kautokeino 1851-52[endre | endre wikiteksten]

I 1851 reiste Stockfleth for siste gong til Finnmark. Han vart straks oppfordra til å reise til Kautokeino, der den læstadianske vekkinga hadde ført til andeleg uro. Biskopen håpte Stockfleth kunne greie å leie vekkinga inn på eit sunnare spor, sidan Stockfleth kunne samisk, og alle dei andeleg vakte samane kjente bøkene hans. Men i møte med ein framand kristendom greidde han ikkje temje temperamentet sitt. Han møtte samane i forsamlinga deira, men då mange i møtet vart gripne av ekstase, gav han seg til å slå rundt seg både med hendene og med stokken sin for å få dei til sans og samling.

Sjølv om det første møtet vart skremmande, heldt dei andeleg vakte samane fram med å møte Stockfleth, men det kom lite ut av samtalane. Han reiste frå Finnmark få månader før Kautokeino-opprøret. Frå 1853 mottok han pensjon frå staten.

Bibliografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Adolf Steen 1954: Samenes kristning og finnemisjonen til 1888
  • Nellejet Zorgdrager. De rettferdiges strid : Kautokeino 1852 : samisk motstand mot norsk kolonialisme ; omsett frå nederlandsk av Trond Kirkeby-Garstad. - Nesbru : Vett & viten ; Oslo : i samarbeid med Norsk folkemuseum, 1997. - 558 s. .(Samiske samlinger ; B.18, red.: Ove Pettersen).
Referensar
  1. Karl Vilhelm Hammer, "Stockfleth, Nils Joachim Christian Vibe" i Nordisk familjebok, v. 26, 1454-1455, Stockholm: Gernandts boktryckeri, 1917.