Nilsmesse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Nilsmesse eller Nikolausdagen er ein kristen høgtidsdag til minne om den heilage Nikolas som blir feira den 6. desember i den katolske og den ortodokse kyrkja. Dagen er merkt på primstaven med bispelue, bispestav, hjul, kross eller ein orm.

Den heilage Nikolas var biskop i Myra i Tyrkia og døydde midt på 300-talet. Han var mellom anna helgen for sjøfarande, og denne dagen skulle ein etter tradisjonen ikkje segla. Biskopen er også kjend for å ha gjeve fattige gjennom gåver. På grunn av dette er han blitt knytt til gåvegjeving rundt jul, i nederlandske område gjennom Sinterklaas-tradisjonen den 5.-6. desember, i mange andre land som julenissen den 24.-25. desember.

I Noreg var det i tillegg tradisjon å laga eller vøla sko denne dagen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]