Nina Balditsjova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nina Balditsjova
Nina Fyodorova 1976.jpg
Verkeleg namn Нина Викторовна Балдычёва
Fødd 18. juli 1947
Travino
Død

27. januar 2019
St. Petersburg

Yrke langrennsløpar

Nina Viktorovna Balditsjova, fødd Fjodorova, (18. juli 194727. januar 2019) var ein sovjetisk langrennar som vart olympisk meister i 4 x 5 km stafett under Vinter-OL 1976 i Innsbruck, etter tidlegare å ha vunne VM-gull i stafett både i 1970 og 1974.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Nina Fjodorova meisterskapsdebuterte med å vinne bronsemedaljen på 5 km i Ski-VM 1970, bak to landskvinner. I den neste øvinga, 3 x 5 km stafett, gjekk ho fyrste etappen på Sovjetunionen sitt vinnarlag, Galina Kulakova og Alevtina Oljunina tok seg av dei to siste etappane. To år seinare vart Fjodorova nummer ti på 5 km då Vinter-OL 1972 fann stad i Sapporo.

Også under Ski-VM 1974 i Falun tok ho, då som Nina Balditsjova, seg av den fyrste etappen då Sovjet-kvinnene vann gull, dei hine på laget var Nina Seljunina, Raisa Smetanina og Galina Kulakova. Individuelt kom ho på femteplass på 5 km.

Under Vinter-OL 1976 vart Balditsjova nummer tre på 5 km, bakom vinnaren Helena Takalo fra Finland og Raisa Smetanina, og nummer fire på 10 km. Deretter gjekk ho ein etappe på det sovjetiske stafettlaget som vann 4 x 5 km stafett, framom Finland og Noreg. Dei andre på laget var Zinaida Amosova, Raisa Smetanina og Galina Kulakova.

Balditsjova deltok ikkje i Ski-VM 1978, men kom tilbake og fekk ei sølvmedalje i 4 x 5 km stafett under Vinter-OL 1980 i Lake Placid, saman med Nina Rotsjeva, Galina Kulakova og Raisa Smetanina kom ho på andreplass bakom Aust-Tyskland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.