Nina Dobrev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nina Dobrev

Fødd9. januar 1989 (35 år)
FødestadSofia
FødenamnNikolina Kamenova
AliasNina Dobrev
Aktive år2006–
Verka somfjernsynsskodespelar, filmskodespelar, skodespelar, modell, stemmeskodespelar, ansvarlig produsent, turnar, dansar, ballettdansar, gründer
SambuarIan Somerhalder, Austin Stowell, Glen Powell, Shaun White

Nina Dobrev (døypt Nikolina Konstantinova Dobreva, fødd 9. januar 1989) er ein bulgarsk-canadisk skodespelar, musikar og modell. Ho har spelt rolla som den einslege tenåringsmora Mia Jones på Degrassi: The Next Generation sidan den sjette sesongen til programmet. Ho har mellom anna spelt rolla som Elena Gilbert/Kathrine Pierce/Amara i TV-serien The Vampire Diaries og Tatia i TV-serien The Originals.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Dobrev vart fødd i Sofia i Bulgaria og flytta til Canada som toåring. Ho har ein storebror som heiter Alexander Dobrev. Ho budde i Toronto før ho flytta til Atlanta i Georgia for å jobba med The Vampire Diaries. Ninas mor er artist, og faren hennar er dataspesialist. Ho gjekk på J.B. Tyrell Sr. Public School og Wexford Collegiate for the Arts i Scarborough i Ontario. Frå ung alder av viste ho stor entusiasme og talent for dans, gymnastikk, teater, musikk, visuell kunst og drama. Dobrev gjekk på Dean Armstrong dramaskule, der ho vart oppdaga av ulike talentagentar i Toronto.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Modelljobbar førte til reklame, som førte til opptaksprøver for film. Kort tid etter vart ho booka til roller i filmar som Fugitive pieces, Away from Her og Never Cry Werewolf og TV-serien Degrassi: The Next Generation. Ho var òg å sjå i MTV-filmen The American Mall på CTV.

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

  • 2006 – Repo! The Genetic Opera
  • 2006 – Playing House
  • 2006 – Away from Her
  • 2007 – How She Move
  • 2007 – The Poet
  • 2007 – Too Young to Marry
  • 2007 – Fugitive Pieces
  • 2007 – My Daughter's Secret
  • 2008 – Never Cry Werewolf
  • 2008 – The American Mall
  • 2008 – Mookie's Law
  • 2008 – The Border
  • 2009 – You Got That Light
  • 2009 – Eleventh Hour
  • 2006–2009 – Degrassi: The Next Generation
  • 2009 – Degrassi Goes Hollywood
  • 2009 – Chloe
  • 2009 – 2015 The Vampire Diaries
  • 2012 – The Perks Of Being A Wallflower
  • 2014 - Let's Be Cops

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Nina Dobrev