Nina Furu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nina Furu
Fødd 2. august 1962 (60 år)
Yrke journalist, skribent

Nina Furu (fødd 2. august 1962) er ein norsk journalist, forfattar og kursleiar.[1]

Furu har arbeidd med norske websider sidan 1995, var nettredaktør for magasina Det Nye og Foreldre & Barn og seinare redaktør for portalsatsinga til Orkla Media, Heimen Mortensen og Egmont; Hjemmenett (1997–2001).

Furu er no største eigar, kursleiar og fagansvarleg i Webgruppen AS, som leverer kurs i webkommunikasjon og digital marknadsføring til profesjonelle i norske føretak og etatar. Webgruppen leverer òg internasjonale sertifiseringskurs i digital marketing frå Digital Marketing Institute.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Nina Furu er vakse opp på Ammerud i Oslo. Ho er utdanna ved Oslo katedralskole, og har eksamen i sosiologi og psykologi frå Universitetet i Oslo. Etter nokre år som lærar, skreiv ho jamleg i publikasjonane Digi.no, Det Nye, Allers og Dine Penger.

I 1995 starta ho Barnesiden, ein av dei første norske nettstadane for barn og starta òg den nærskylde Ungdomssiden før denne vart innlemma i Doktor Online. Furu vart då nettredaktør i fleire Hjememt Mortensen-magasin, og vart tilsett som redaktør i portalsatsainga Hjemmenett då denne vart etablert.

Etter den såkalte dotcom-døden, der Hjemmenett vart avvikla, gjekk Furu over til å driva opplæring i web og webkommunikasjon. Nettredaktørskulen etablerte ho i 2003, først som ein del av kursavdelinga ved Westerdals School of Communication, og sidan 2007 som sjølvstendig kurstilbod i regi av sitt eige selskap, Webgruppen.

I tillegg til å halda kurs og foredrag, skriv Furu fagbøker om sitt felt og rådgjev fleire større selskap om digital marknadsføring og webkommunikasjon.

Furu er gift med Jakob Thyness, som òg er medeigar i Webgruppen.

Publikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Furu har gjeve ut bøkene I Arbeid (Schibsted, 1993), Redigering for Web (Høgskuleforlaget, 2001), Webkommunikasjon (Høgskuleforlaget 2006), Slik skriv du for nett (Kommunikasjonsforlaget, 2010), Fra Triggerord til Hashtag (Høgskuleforlaget 2011), Sjangerskriving for digitale kanaler (Cappelen, 2013), Markedsføring og kommunikasjon på nett (Cappelen Damm, 2017).

Ho står òg bak artiklane til eit hundretal på ulike nettmagasin og på sin fagblogg, Ninafuru.no.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Nina Furu». nettredaktor.no. Henta 4. januar 2009.