Nina Gavriljuk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nina Gavriljuk
Fødd 13. april 1965
St. Petersburg
Yrke langrennsløpar

Nina Vasiljevna Gavriljuk (fødd 13. april 1965) er ein russisk tidlegare langrennar frå Leningrad som vann ni gullmedaljar i 4 x 5 km stafett med Sovjetunionen og seinare Russland. I tida 1987-2003 sikra ho seg i alt elleve VM-medaljar og fire OL-medaljar.

Gavriljuk stod mest heile si lange tid som langrennsløpar i skuggen av utøvarar som Larisa Lazutina, Jelena Välbe, Ljubov Jegorova og Olga Danilova. Samstundes drog ho nytte av å vere på lag med ei eller fleire av dei i stafettevlingane. Ho var såleis med å vinne VM-gull 1987 og OL-gull 1988, men fekk ikkje gå nokon etappe i meisterskapane i åra 1989-92. Frå 1993 til 2001 var ho derimot fast på Russlands lag i 4 x 10 stafett, eit landslag som vann samtlege sju stafettgull i perioden.

Individuelt tok Gavriljuk si fyrste medalje under vinterleikane 1994 på Lillehammer, der ho vart nummer tre på 15 km. Året etter vann ho to sølvmedaljar då Ski-VM 1995 fann stad i kanadiske Thunder Bay. Både på 5 km og den etterfylgjande jaktstarten vart ho klart slått av landskvinna Larisa Lazutina. Gavriljuk var særleg flink i fristiltevlingar, og sikra seg bronsen i 15 km jaktstart under verdsmeisterskapen 1997 i Trondheim. To år etter tok ho sølvmedaljen i same øvinga ved Ski-VM 1999 i Ramsau, eit lite halvminutt bakom Stefania Belmondo frå Italia.

I tida frå desember 1994 til desember 1999 vann Gavriljuk fem renn i Verdscupen i langrenn. Gjennom 1995-sesongen sanka ho 840 poeng i verdscupen, noko som gav henne andreplassen, 220 poeng bakom landskvinna Jelena Välbe.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]