Hopp til innhald

Nina Grieg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nina Grieg

StatsborgarskapNoreg
Fødd24. november 1845
Bergen
Død

9. desember 1935 (90 år)
København

Yrkesongar, akademisk musiker, pianist, komponist, operasongar
Språknorsk
FarHerman Didrik Hagerup
MorLuise Adeline Werligh
EktefelleEdvard Grieg
Nina Grieg på Commons

Nina Hagerup Grieg (24. november 1845–9. desember 1935) var ein norsk sopran, kjend som ektemaken til Edvard Grieg.

Nina Grieg var fødd i Bergen. Ho var kusina til Edvard Grieg, og dei to gifta seg 11. juni 1867 i København.[1] Ekteparet opptredde ofte saman på konsertar i Europa, og fekk svært gode kritikkar. Nina Grieg blei dessutan anerkjend som ein svært sensitiv tolkar av mannen sine songar. Den engelske komponisten Frederick Delius dediserte to sett med songar til ho i åra 1888–1890.

Stemma til Nina Grieg er bevart på to vaksruller med særs dårleg teknisk kvalitet, innspelingane er gjevne ut på platemerket Simax.

Etter at Edvard Grieg døydde i 1907 busette Nina Grieg seg i Danmark.

  1. ↑ «Nina Grieg». Norsk biografisk leksikon.

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]