Nina Holmén

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nina Holmén
Statsborgarskap Finland
Fødd 29. september 1951 (72 år)
Esse
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1976

Siv Nina Anette Holmén, fødd Wärn, (fødd 29. september 1951) er ein finsk tidlegare friidrettsutøvar som vart europameister på 3000 meter under EM 1974 i Roma.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Våren 1974 sprang Holmén inn til VM-sølv i terregløp. Under EM i friidrett 1974 i byrjinga av september månad, vann ho, svært overraskande, gullmedaljen på 3000 meter med tida 8.55,1. Ho slo den store favoritten, verdsrekordhaldaren Ljudmila Bragina frå Sovjetunionen, med knapt eit sekund. Med det vart Holmén den aller fyrste gullmedaljevinnaren på distansen, som den gongen var den lengste for kvinner.

To år seinare deltok ho 1500 meter under sommar-OL 1976 i Montreal, ettersom 3000 m enno ikkje hadde kome på det olympiske programmet. Ho nådde finalen, der ho enda på niandeplass.

Ho er mor til Janne Holmén som vart europameister i maraton i 2002.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]