Nina Karin Monsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nina Karin Monsen (2009)

Nina Karin Monsen (fødd 29. mai 1943 i Bergen) er ein norsk filosof, forfattar og statsstipendiat. Monsen har skrive både skjønnlitteratur og ei rekkje faglitterære bøker innanfor feministisk filosofi og personalismen. Ho har vore ein markant deltakar i norsk offentleg debatt sidan byrjinga av 1970-talet, særleg om moralfilosofiske emne, og vart tildelt Fritt Ord-prisen for dette i 2009. Nina Karin Monsen var gift med jusprofessoren Helge Johan Thue.

Tidleg akademisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Nina Karin Monsen var ei av dei første kvinnene som tok magistergrad i filosofi. Det gjorde ho i 1969, med ei avhandling om grunnlagsproblema i logikken. Monsen var forskingsstipendiat ved Noregs allmennvitskaplege forskingsråd 1971-1973 og universitetsstipendiat i filosofi ved Universitetet i Oslo i perioden 1973-1980. Ho underviste i om lag 12 år ved examen philosophicum ved universiteta i Oslo, Bergen, Trondheim og andre stader.

Hennar doktorgradsavhandling om personalistisk språkfilosofi frå 1981 vart ikkje godteken. Ho gav seinare ut Det elskende menneske, person og etikk (1987), ein omarbeidd versjon av første del av avhandlinga. Boka vart ein bestseljar og er omsett til fleire språk.

Nyfeminist[endre | endre wikiteksten]

Monsen var mellom grunnleggjarane av nyfeministrørsla i 1970.[1] Rørsla la vekt på behovet for sjølvbestemt abort, likestilling og likeverd. Ho gav ut ei bok om feministisk filosofi, Det kvinnelige menneske, i 1975.

Monsen kom seinare til å kritisere den feministiske rørsla for dogmatisme[2], noko som kjem til uttrykk i boka Jomfru, mor eller menneske? (1984).

Monsen skriv innanfor personalismen, ein filosofi som er lite kjent i Skandinavia. Denne filosofiske retninga byggjer på personomgrepet, menneskeverdet og den avgjerande tydinga kjærleiken har for tenkinga. Eit sentralt slagord er at «Personen er kjelda til alle verdiar».

Statsstipendiat[endre | endre wikiteksten]

Monsen vart statsstipendiat frå 2004. Ved kunngjeringa i 2003 vart det framheva at ho var aktiv i den norske offentlege debatten innanfor eit breitt spekter av tema der livssyn, etikk, kjønnsroller og menneskerettar stod sentralt.

Deltaking i offentleg debatt[endre | endre wikiteksten]

Monsen har skrive ei rekkje kronikkar og avisartiklar sidan 1970. Ho var fast skribent i Aftenposten i om lag ti år, og har skrive fleire hundre kronikkar og artiklar, i all hovudsak om moralfilosofiske emne. Ho har halde over seks hundre føredrag. Ho sit i representantskapet for avisa Vårt Land og var medlem av prinsipprogramkomitéen til Venstre i 2006.

Meiningane og debattformen hennar har vorte utsett for kritikk. Monsen har ved ei rekkje høve hevda at ho vert trakassert av meiningsmotstandarar.

Motstand mot kjønnsnøytral ekteskapslov og assistert befruktning[endre | endre wikiteksten]

Monsen har markert seg som ein sterk motstandar både av utvikling i retning av å gjere ekteskapsomgrepet kjønnsnøytralt (likekjønna ekteskap)[3] og av at assistert befruktning skal verte brukt for å hjelpe homofile å få morlause eller farlause barn. Ho argumenterer for at barn treng ei mor og ein far, og meiner det er eit overgrep mot barn og avhumanisering av samfunnet å skape morlause og farlause barn ved bruk av medisinsk teknologi. Ifølgje Monsen er dette å setje interessene til dei vaksne før behova til borna. Monsen meiner dette opnar for ei utvikling i rasehygienisk retning, der utveljinga av perfekte donorar for egg og sæd i røynda er ein privatisert rasehygiene.[4][5] Monsen argumenterer for det familiesynet som er rådande i det meste av verda, der familien i prinsippet består av mor, far og barn.

Ho har kritisert både innhaldet og prosessen knytt til innføringa av Felles ekteskapslov i Noreg. Monsen meiner at ektepar som gifta seg før den kjønnsnøytrale ekteskapslova som vart innført i Noreg 1. januar 2009 burde ha same retten som registrerte partnarar til å samtykkje og eventuelt «seie nei» til å verte omfatta av den nye lova. Ho hevdar samstundes at ekteskapslova dei gifta seg under i likskap med partnarskapsloven blir oppheva etter dette. Monsen er også motstandar av at bioteknologilova og barnelova gjev alle gifte og sambuande kvinner rett til born ved hjelp av kunstig befrukting.

I 2009 varsla Nina Karin Monsen, Helge Johan Thue, forlagsredaktøren Asle Dingstad og 11 andre at dei ville gå til rettssak mot staten. Dei gjekk til sak for at ektepar og partnarar som inngjekk ekteskap/partnarskap før 1. januar 2009 skulle kunne behalde si samlivsform under same vilkår også etter at den gamle ekteskapslova vart oppheva. Dei kravde lik handsaming med registrerte partnarar, og kravde retten til å samtykkje, eventuelt seie nei, til at den nye «kjønnsnøytrale» ekteskapslova skulle gjelde for deira samlivsform.[6]

Saka blei fyrst avvist av Oslo tingrett, deretter av Borgarting lagmannsrett og den 2. juli 2010 av ankeutvalet til Høgsterett. I grunngjevinga til ankeutvalet heiter det m.a. at «Kjernen i søksmålet synest å vere at dei ankande partane ikkje ynskjer at deira ekteskap skal vera av same karakter som likekjønna ekteskap. Dette synest å vera eit spørsmål om verdival, og ikkje eit spørsmål som kan vera gjenstand for rettsleg prøving.»

I mars 2009 gav Monsen ut boka Kampen om ekteskapet og barnet, og i 2010 gav ho ut sjølvbiografien Inn i virkeligheten. Min vei fra humanetikk til kristen tro. [7]

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Monsen vart tildelt Fritt Ord-prisen for 2009, «for hennar gjennomreflekterte og uavhengige bidrag til ein friare offentleg debatt.»[8] Tildelinga førte til ein lengre debatt i media, der både Monsen og Fritt Ord mottok både støtte og kritikk frå fleire hald.

Monsen heldt minneførelesninga for Gordon Johnson i 1993 og heldt den første førelesninga om Karin Westman-Berg ved Uppsala universitet i 1984. Ho har motteke Kjetterprisen frå Nyorienteringsrørsla.[9]

Tidlegare har ho vorte tildelt «nidprisar» som Hedningesamfunnets Kristendummen[10] og LLH Bergen og Hordalands Forbedringsprisen.[11]

Publikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Sakprosa[endre | endre wikiteksten]

  • Det kvinnelige menneske (Aschehoug, 1975)
  • Jomfru, mor eller menneske? (Universitetsforlaget, 1984)
  • Det elskende menneske; person og etikk (Cappelen, 1987), omsett til svensk og serbo-kroatisk.
  • Det kjempende menneske; maktens etikk (Cappelen, 1990)
  • Velferd uten ansikt; en filosofisk analyse av velferdsstaten (Universitetsforlaget, 1998)
  • Kunsten å tenke, en filosofisk metode til et bedre liv (Fagbokforlaget, 2001)
  • Den gode sirkel, en filosofi om helse og kjærlighet (Fagbokforlaget, 2002)
  • Det sårbare menneske, en filosofi om skam, skyld og synd (Vigmostad & Bjørke, 2004)
  • Livstro. Lesetykker (Kom Forlag, 2005)
  • Det innerste valget. Språk, tanke, mening (Vigmostad & Bjørke, 2007)
  • Kampen om ekteskapet og barnet (Avenir, 2009)
  • Inn i virkeligheten. Min vei fra humanetikk til kristen tro. (Luther Forlag, 2010)

Skjønnlitteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Kvinnepakten, roman, Aschehoug 1977
  • Jammersminne, roman, Gyldendal 1980
  • Dødt liv, novellesamling, Eides forlag 1987
  • Inntrengere, roman, Cappelen 1989
  • Under godhetens synsvinkel, essays, Cappelen 1992
  • Tvillingsjeler, roman, Cappelen 1993

I tillegg kjem ei rekkje artiklar og bokkapittel.[12]

Monsen har også skrive ei utgreiing for Kommunal- og arbeidsdepartementet om tradisjonelle muslimske kvinner og vestlege verdiar.[13]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Blid, men beinhard» på Kampdager.no, 3. november 2006
  2. http://www.webcitation.org/5gKUSewQK
  3. Monsen, Nina Karin: Mangel på selvrefleksjon, Dagbladet 23.04.2009
  4. http://www.dagbladet.no/kultur/2009/04/30/573359.html
  5. http://www.bevarekteskapet.no/bevarekteskapet/kronikker_/nina_karin/
  6. http://www.katolsk.no/broen/2009-1.pdf
  7. Inn i virkeligheten ved Haugenbok.no
  8. «Nina Karin Monsen får Fritt Ords Pris for 2009». Fritt Ord. 16. april 2009. Arkivert fra originalen (Pressemelding) 2009-04-26. Henta 26. april 2009. 
  9. http://www.humanisme.no/old/htm/invitasjon2002.htm
  10. red. (januar 2005): «Kristendummen 2004» – Fri Tanke, s. 19.
  11. Egil Mathisen (15. januar 2009). «Homofrydpris til Sjømannskirken». Henta 27. april 2009. 
  12. http://www.fagbokforlaget.no/ninakarinmonsen/boker.htm
  13. Kultur eller kjønn? Motsetningsfylte verdier og politiske valg i relasjon til tradisjonsbundne, muslimske innvandrerkvinner, en filosofisk analyse. Ugreiing utført for Kommunal - og arbeidsdepartementet 1996, stensil, utseld, sjå også Oversikt over prosjekt på oppdrag frå 1990 (Word-dokument)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]