Nina Kreutzmann Jørgensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nina Kreutzmann Jørgensen
Fødd17. juli 1977 (46 år)
FødestadNuuk
OpphavGrønland
Aktiv1997–
Sjangerpop
Instrumentvokal
Verka somsongar, komponist, skribent

Nina Kreutzmann Jørgensen (fødd 17. juli 1977), også kjend som berre Nina, er ein grønlandsk songar som er populær både på Grønland og i Danmark. Karrieren hennar starta i 1997 då ho var vokalist i rockebandet Qulleq. Ho har ofte opptredd på dansk tv, særleg i samband med Julehilsen til Grønland.[1][2]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Nina vart fødd 17. juli 1977 i Nuuk. I tidleg alder byrja ho å synga; ho gjekk på musikkskolar og fekk songundervising i Danmark.[3] Nina vart straks ein av dei mest populære artistane på Grønland, fordi ho song songar med grønlandske tekster. Nina er gift med songaren og gitaristen Malik Olsen, som ho møtte då ho gjekk på vidaregåande skule. Saman har dei borna Ivi Luna og Vittus.[4] Etter å ha sunge med Olsen, Julie Berthelsen og Ole Kristiansen band, skipa dei bandet Qulleq i 1997. Same året spelte dei inn sitt første album, Qulleq lissinnut, med Nina som vokalist.[5]

I 2000 vart Nina medlem av det grønlandske koret til Björk, der ho fekk framføre eit kort solostykke under turneen til Björk i 2001. Same år var ho òg med på albumet Zedna, saman med dei mest populære songarane frå Grønland. I 2008 var Nina ein av artistane som var med på albumet Eqqissineq ('Fred'), som selde over 6 500 eksemplar på Grønland i 2009. I 2008 og 2009 turnerte Nina på Grønland og i Danmark. Året etter var Nina vokalist i koret til Julie Berthelsen i TV-programmet Allstars, den danske versjonen av Det store korslaget.[6]

I tillegg til songkarrieren, er Nina utdanna som førskolelærar og jobbar som klassestyrar og musikklærar på Nuuk internasjonale friskole. Ho meiner undervisinga er hennar kall: «Det betyder så meget for mig at give musikken videre til børnene. At se dem udvikle sig og få mod til at udfolde sig.»[7]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Nina: Grønlands Rock Mama». Greenlandtoday. Henta 1. august 2018. 
  2. «Nina». Greenlandic Popular Music. 
  3. «Nina Kreutzmann Jørgensen». rym. Henta 1. august 2018. 
  4. «Nina: Grønlands Rock Mama». Greenlandtoday. Henta 1. august 2018. 
  5. «Nina». Greenlandic Popular Music. 
  6. «Nina». Greenlandic Popular Music. 
  7. «Nina: Grønlands Rock Mama». Greenlandtoday. Henta 1. august 2018.