Nina Nymark Andersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nina Nymark Andersen, gift Jakobsen, (fødd 28. september 1972) er ein norsk, tidlegare fotballspelar som vart europameister med Noreg i 1993 og verdsmeister i 1995. Ho vart dessutan cupmeister med IL Sandviken i 1995.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Andersen vart inspirert av tvillingsystera Anne til å spele fotball.[1] Fram til 1994 spela ho, som systera, for Sandviken. Ho melde då overgang til Idrettsforeningen Fløya, ettersom ho flytta til Tromsø. Då Fløya rykte ned ved sesongslutt pendla Andersen til spel for moderklubben Sandviken fram til og med 1996, då ho la opp som spelar, 24 år gammal.[2] Ho opplevde såleis cuptriumfen for Sandviken i 1995.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Andersen var med landslaget i dei fire sesongane frå 1993 til 1996: Gjennom dei få sesongane fekk ho med seg EM-gull, VM-gull og OL-bronse.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • EM-gull 1993 for Noreg
  • VM-gull 1995 for Noreg
  • OL-bronse 1996 for Noreg
  • Cupgull 1995 med Sandviken

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Notar[endre | endre wikiteksten]