Nina Simone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nina Simone

Fotografi av Nina Simone for singelen «(You'll) Go To Hell» frå 1967.
Fødd21. februar 1933
FødestadTryon i Nord-Carolina i USA
Død21. april 2003 (70 år)
DødsstadCarry-le-Rouet i Bouches-du-Rhône i Frankrike
FødenamnEunice Kathleen Waymon
AliasNina Simone
OpphavUSA
Aktiv1954–2003
SjangerJazz, blues, R&B, folk, gospel
Instrumentpiano, vokal
Stemmetypealt
PlateselskapBethlehem, Colpix, Philips, RCA Victor, CTI, Legacy Recordings
Verka somSongar, låtskrivar, pianist, arrangør
Gift medAndy Stroud
BornSimone
Prisaræresdoktor, Rock and Roll Hall of Fame

Nina Simone (fødd Eunice Kathleen Waymon21. februar 193321. april 2003) var ein amerikansk songer, pianist, låtskrivar og arrangør som verka innan fleire musikksjangrar, som jazz, blues, gospel, pop og klassisk. Ho var også aktiv i den amerikanske borgarrettsrørsla.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Nina Simone var fødd som Eunice Kathleen Waymon i Tryon i Nord-Carolina, ein av dei amerikanske Sørstatane. Ho var den sjette av åtte barn. Far hennar, John Divine Waymon, var ein altmuligmann som mellom anna verka som barber og dreiv eit reinseri, men også leid av dårleg helse.[1] Mor hennar, Mary Kate Waymon, var predikant og tenestejente. Arbeidsgjevaren hennar gav økonomisk støtte til pianotimar for dottera.[2]

Begge foreldra var aktive metodistar, mora som predikant og faren som diakon. Dei spelte begge piano.[3] Simone byrja sjølv spela piano allereie som to-treåring; familien fann det først ut då ho spelte songen «God Be With You, Till We Meet Again».[4] Ho blei offisiell pianist for kyrkja si i 1938.[5] Ho hadde sin klassiske debut då ho var 12. Simone fortalde seinare om konserten at foreldra, som sat på første rad, blei bedne om å flytta seg bak i rommet for å gje plass til kvite tilhøyrarar. Ho nekta å spela før foreldra hennar blei flytta tilbake.[6][7] Opplevinga påverka det seinare engasjementet hennar i borgarrettsrørsla.

Etterkvart blei det danna eit lokalt fond for å hjelp Simone vidare med utdanninga. Ved hjelp av dette kunne ho studera ved Allen High School for Girls i Asheville i Nord-Carolina. Deretter tok ho privattimar før ho søkte om opptak ved Curtis Institute of Music i Philadelphia. Ho blei ikkje teken inn, noko Simone seinare blei fortald var på grunn av rasen hennar.[1] I staden studerte ho ved Juilliard School of Music i New York.

Tidleg suksess[endre | endre wikiteksten]

Nina Simone i 1965.

For å tena pengar byrja Nina Simone som artist ved Midtown Bar & Grill i Atlantic City i New Jersey, der eigaren insisterte at ho song i tillegg til å spela piano. Etterkvart opptredde ho i fleire små klubbar. Ho byrja bruka artistnamnet sitt i 1954, Nina etter kallenamnet niña (spansk for 'lita jente') som ein kjærast hadde gjeve henne, og Simone etter den franske skodespelaren Simone Signoret som ho hadde sett i filmen Casque d'or.[8] Namnet var mellom anna ein måte å skjula for mor si at ho dreiv med såkalla «djevelmusikk», jazz og blues. I tillegg til desse sjangrane brukte ho den klassiske bakgrunnen sin til å byggja opp ein liten, men lojal fanskare.[9]

I 1958 møtte Simone Don Ross, ein beatnik og tivoliarbeidar. Dei gifta seg, noko ho snart angra på.[3] Paret skilde lag to år seinare.[5]

I 1958 spelte Simone også inn «I Loves You, Porgy» frå Porgy and Bess av George Gershwin etter å ha lært han frå ei Billie Holiday-plate på spurnad frå ein venn. Songen blei hennar einaste Billboard topp 20-hitt i USA. Debutalbumet Little Girl Blue følgde på Bethlehem Records. Ettersom Simone selde alle rettane sine for 3000 dollar, tente ho lite på den store suksessen albumet hadde då eller i 1980-åra.[10]

I sin nye kontrakt med Colpix Records heldt Simone på all kunstnarisk kontroll. Ho spelte inn fleire studio- og livealbum for dei, mellom anna Nina Simone at Town Hall, som gjorde henne til ein favoritt i Greenwich Village.[11] Simone framførte populærmusikk hovudsakleg for å finansiera dei klassiske musikkstudia sine, og brydde seg lite om ho hadde ien platekontrakt eller ikkje. Dette var ei haldning som varte ved i mesteparten av karrieren hennar.[12]

Simone gifta seg med Andrew Stroud, ein politimann frå New York, i 1961. Stroud blei etterkvart managerane hennar. Dei fekk ei dotter, Lisa Celeste Stroud, i 1962. Paret skilde lag i 1970.[13]

Borgarrettstida (1964–74)[endre | endre wikiteksten]

Nina Simone i 1969

I 1964 bytta Simone plateselskap, frå det amerikanske Colpix til det nederlandske Philips. Samstundes byrja ho gje ut meir politiske songar, som «Mississippi Goddam», ein respons på drapet på Medgar Evers og bombinga av ei kyrkje i Birmingham i Alabama som drap fire svarte barn, og «Old Jim Crow», ein protest mot dei rasistiske Jim Crow-lovane i Sørstatane. «Mississippi Goddam» vekte harme i nokre av Sørstatane, og ein radiostasjon i Carolina knuste promoversjonane han fekk og sende dei tilbake til plateselskapet.[14][15] [16]

Simone fortsette å tala og synga for borgarrettar, både i sine eigne konsertar og ved demonstrasjonar. Under Selma til Montgomery-marsjen heldt ho til dømes ein konsert med Al Schackman.[5] Til forskjell frå ikkjevaldslina til Martin Luther King tala Simone for ein valdelege revolusjon som kunne gje afroamerikanarar sin eigen stad.[17][18]

Nina Simone hadde både profesjonelle og personlege band med andre politisk aktive afroamerikanske kunstnarar og aktivistar. Dramatikaren Lorraine Hansberry var gudmor for dotter hennar. Etter at ho døydde berre 35 år gammal tok Simone tittelen til stykket ho arbeidde på - To Be Young, Gifted and Black - og skreiv ein song inspirert av det. «To Be Young, Gifted and Black» blei utnemnd til «den svarte nasjonalsongen» av Congress of Racial Equality, og blei seinare spelt inn av mellom anna Aretha Franklin, Dionne Warwick og Donny Hathaway.[3] På sitt første album for plateselskapet RCA i 1967 song ho «Backlash Blues», eit protestdikt av Hughes som ho hadde tonesett. På eit anna album frå same året, Silk & Soul, framførte ho borgarrettssongen «I Wish I Knew How It Would Feel to Be Free» av Billy Taylor. Ho dediserte ein konsert ho heldt dagar etter drapet på Martin Luther King til han, og framførte «Why? (The King Of Love Is Dead)», ein song bassisten hennar Gene Taylor hadde skrive like etter at han fekk høyra om drapet.[19]

I Storbritannia oppnådde Simone uventa suksess med songen «Ain't Got No – I Got Life», ein kombinasjon av to songar frå musikalen Hair. Singelen nådde andreplassen på den britiske topplista. Oppfølgjaren «To Love Somebody», eit cover av ein Bee Gees-song, nådde femteplassen.[3] Ho gjorde sine eigne versjonar av «Here Comes the Sun», «Mr Bojangles», «The Times They Are a-Changin'» og «Angel of the Morning».[3]

I 1970 drog Simone til Barbados for første gong. Ekteskapet med Stroud var i ferd med å rakna, og enda med at paret skilde lag, og at bror hennar Sam Waymon tok over som manageren hennar.[5] Simone hadde også problem med skattesstyresmaktene i USA, ettersom ho hadde nekta å betala skatt i protest mot Vietnamkrigen. Saken førte til ein arrestasjon og rettssak i 1978.[5]

Utlegd[endre | endre wikiteksten]

Nina Simone opptrer i Frankrike i 1982.
Foto: Roland Godefroy

I 1971 flytta ho permanent til Barbados med dotter si. Her hadde ho eit tilhøve til ein lokal hotellarbeidar og seinare med statsministeren på øya, Earl Barrow.[3] Etter Barbados levde ho eit omflakkande liv med opphald i Liberia (etter at vennen Miriam Makeba hadde føreslått at ho skulle flytta til Afrika), Sveits, Israel, Nederland og Frankrike.[3]

Nina Simone spelte inn sitt siste album for RCA, It Is Finished, i 1974. Gjennom karrieren sin hadde ho stadige kranglar med plateselskap, og gjekk fleire gonger til sak mot dei for inntekter. I 1977 var ho ved den internasjonale musikkmessa Midem i Cannes der ho tala internasjonale musikkbyrå imot og skulda dei fleste av dei for å vera kjeltringar.[3]

Simone gav ikkje ut eit nytt album før i 1978, då ho blei overtalt til å spela inn Baltimore for CTI Records av eigaren Creed Taylor.[20] Fire år seinare spelte ho inn Fodder on My Wings på eit fransk plateselskap. På 1980-talet opptredde Simone jamleg på Ronnie Scott's Jazz Club i London, og spelte inn eit livealbum der i 1984.

I 1987 blei 1958-innspelinga hennar av «My Baby Just Cares for Me» kjend i Storbritannia gjennom ein reklamefilm for parfymen Chanel No. 5. Dette førte til at songen nådde fjerdeplassen på singellista til NME, og Simone blei verande representert på topplistene i oppimot eit år.

Sjølvbiografien til Simone, I Put a Spell on You, kom ut i 1992. Simone fortsette å turnera og opptre på ei rekkje festivalar, men spelte inn sitt siste album, A Single Woman, i 1993. Dette året slo ho seg også ned i Aix-en-Provence sør i Frankrike. Etter fleire år med brystkreft døydde ho heime i Carry-le-Rouet i Bouches-du-Rhône 21. april 2003. Til gravferda hennar kom fleire hundre sørgande, mellom dei songarane Miriam Makeba og Patti LaBelle, diktaren Sonia Sanchez og skodespelaren Ossie Davis. Oska hennar blei strøydd i fleire afrikanske land.

Personlege lidingar[endre | endre wikiteksten]

Simone var kjend for eit heftig temperament, og omtalte seg sjølv som ei «diva».[3] Ho var stadig i konflikt med plateselskap og managerar, og kunne ved fleire høve koma seint til konsertar eller ikkje dukka opp i et heile.[5] Simone hadde også fleire valdsepisodar. I 1985 skaut ho mot ein tilsett i eit plateselskap som ho skulda for å stela royalties. Ho sa sjølv at ho prøvde å drepa han, men bomma.[21] I 1995 skaut og såra ho nabosonen med luftgevær fordi han hadde bråka og forstyrra henne.[22] Ho fekk fengsel på vilkår og ordre om å søka psykiatrisk hjelp.[3]

Etter at Simone døydde kom det fram at ho hadde hatt psysiske lidingar gjennom store delar av livet. Ein moderne diagnose ville truleg vore bipolar liding.[4] Ho var også sjølv utsett for vald, både jamleg mishandling frå ektemannen Andrew Stroud[4] og gjennom eit åtak frå ein kjenning i London i 1978.[5]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Simone var nominert til femten Grammyprisar. I 2000 blei ho tildelt ein Grammy Hall of Fame Award for si tolking av «I Loves You, Porgy».

Simone blei gjeven to æresdoktorat, i musikk og humaniora, frå University of Massachusetts Amherst og Malcolm X College.[23] Etter dette føretrekte ho tittelen «Dr. Nina Simone».[24] To dagar før ho døydde blei Nina Simone gejen eit æresdoktorat frå Curtis Institute, institusjonen som opphavleg hadde vraka henne.[25]

I 2002 kalla Nijmegen i Nederland, som ho hadde budd i frå 1988 til 1990, ei gate opp etter henne. Simone blei teken med i North Carolina Music Hall of Fame i 2009.[26] Ein statue til ære for henne blei sett opp på Trade Street i fødebyen Tryon i Nord-Carolina i 2010.[27]

Diskografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • 1959: Little Girl Blue
  • 1959: Nina Simone at Town Hall
  • 1961: Nina at the Village Gate
  • 1964: Nina Simone in Concert
  • 1966: High Priestess of Soul
  • 1969: To Love Somebody
  • 1973: Emergency Ward!
  • 1985: Live at Ronnie Scott's

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Encyclopedia of Jazz Musicians Arkivert 2016-03-22 ved Wayback Machine.. Jazz.com; retrieved October 28, 2013.
  2. Simone & Cleary 2003, s. 21
  3. 3,00 3,01 3,02 3,03 3,04 3,05 3,06 3,07 3,08 3,09 «Nina Simone obituary». The Independent (London, UK). April 23, 2003. Arkivert frå originalen 23. februar 2009. Henta 7. november 2015. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Claudia Roth Pierpont (August 11, 2014), A Raised Voice. How Nina Simone turned the movement into music. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 «The Nina Simone Database: Timeline». 2010. Henta July 5, 2010. 
  6. Simone & Cleary 2003, s. 26
  7. Hampton 2004, s. 15
  8. Brun-Lambert 2006, s. 56
  9. Simone & Cleary 2003, s. 48–52
  10. Simone & Cleary 2003, s. 60
  11. Dorian, Lynskey (2010). 33Revolutions Per Minute: A History of Protest Songs. London: Faber and Faber. s. 94. ISBN 978-0-571-24134-7. 
  12. Simone & Cleary 2003, s. 65
  13. «L'hommage: Nina Simone Biography». Arkivert frå originalen July 23, 2007. Henta August 14, 2007. 
  14. Neal, Mark Anthony (June 4, 2003). «Nina Simone: She Cast a Spell — and Made a Choice». Arkivert frå originalen 15. juli 2007. Henta August 14, 2007. 
  15. Simone & Cleary 2003, s. 90–91
  16. CAS – Central Authentication Service. Oxfordmusiconline.com.ezproxy2.library.arizona.edu. Retrieved on 2015-08-18.
  17. Simone & Cleary 2003
  18. Lords, Frank. (1992). Nina Simone, La Legende (documentary). [DVD]. France, United Kingdom: Quantum Leap. 
  19. Simone & Cleary 2003, s. 114–115
  20. Sunderland, Celeste (July 1, 2005). «All about Jazz: review "Fodder on My Wings" & "Baltimore"». Henta August 5, 2007. 
  21. Sebastian, Tim (March 25, 1999). «BBC Hard Talk: Putting Music First». BBC News. Henta December 7, 2006. 
  22. «BBC Obituary: Nina Simone». BBC News. April 21, 2003. Henta December 7, 2006. 
  23. Kolodzey, Jody. «Remembering Nina Simone». Arkivert frå originalen 20. april 2005. Henta December 7, 2006. 
  24. Hanson, Eric (2004). «A Diva's Spell» (PDF). Williams Alumni Review. Arkivert frå originalen (PDF) 10. september 2006. Henta December 7, 2006. 
  25. «The Nina Simone Foundation». Arkivert frå originalen 19. juni 2008. Henta December 7, 2006. 
  26. «2009 Inductees». North Carolina Music Hall of Fame. Henta September 10, 2012. 
  27. «Commemorative Landscapes». DocSouth. University of North Carolina. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]