Niniveslettene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ninevehsletta)
Niniveslettene
ܦܩܥܬܐ ܕܢܝܢܘܐ, سهل نينوى
slette
Kart over dei tre distrikta som utgjer Ninevehslettene oppå eit kart over Nineveh guvernement.
Land  Irak
Guvernement Nineveh guvernement
By Bakhdida
Koordinatar 36°37′N 43°7′E / 36.617°N 43.117°E / 36.617; 43.117
Folketal 500 000  (2012)
Kart
Ninevehslettene
36°40′22″N 43°23′26″E / 36.672825°N 43.390503°E / 36.672825; 43.390503

Niniveslettene (assyrisk ܦܩܥܬܐ ܕܢܝܢܘܐ, Pqatā d'Ninwe og gammalsyrisk ܕܫܬܐ ܕܢܝܢܘܐ Daštā d'Ninwe; arabisk سهل نينوى, Sahl Naynawā; kurdisk Deşta Neynewa) er ein region i Ninive guvernement i Irak, nord og aust for byen Mosul. Tidlegare vart området kalla Sanjarsletta.

Området omfattar ruinane av dei antikke assyriske byane Ninive, Nimrud og Dur-Sharrukin, i tillegg til fleire eldgamle, heilage stader som Mar Mattai-klosteret, Rabban Hormizd-klosteret, grava til Nahum og Lalish.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Niniveslettene ligg i aust, nordaust for byen Mosul i det irakiske Ninive guvernement. Oldtidsbyen Ninive låg i den austlege utkanten av dagens Mosul, ved breidda av Tigris. Landsbyane på den austlege delen av sletta er hovudsakleg busett av ikkje-muslimske minoritetsgrupper. Dei fleste av desse innbyggjarane er assyrisk kristne.

Niniveslettene er ikkje berre det historiske heimlandet til assyrarane og ein smeltedigel av før-arabiske og kurdiske før-islamske, mesopotamiske sivilisasjonar, men er ein provins der størstedelen av folkesetnaden består av minoritetar, der kring halvparten av desse er assyrarar.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Singara i ein detalj frå Peutinger-kartet, ein mellomalderkopi av eit kart av romersk opphav frå 300-talet.

Peutinger-kartet over den busette verda slik romerske geografar kjende ho, syner Singara som ein stad vest for Trogoditi Persi, persiske troglodyttar, som busette området kring Sinjarfjella. For arabarane i mellomalderen vart det meste av sletta rekna som ein del av provinsen Diyār Rabīʿa, «bustaden til Rabīʿa-stamma». Arabiske astronomar gjorde delar av arbeidet sitt her under regjeringstida til kalifen al-Mamun.[3] Ein kjend, assyrisk katedral stod her på 700-talet.[4]

Største byar på Niniveslettene[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://abcnews.go.com/International/wireStory/iraq-hangs-26-convicted-terror-charges-21606806
  2. Mardean Isaac (30. desember 2010). «The desperate plight of Iraq's Assyrians and other minorities | Mardean Isaac | Comment is free | guardian.co.uk». Guardian. Henta 10. august 2018. 
  3. Abul Fazl-i-Ạllámí (1894), «Description of the Earth», The Áin I Akbarí, Vol. III, Translated by H.S. Jarrett, Calcutta: Baptist Mission Press for the Asiatic Society of Bengal, s. 25–27 .
  4. A short history of gammalsyrisk literature. Henta 10. august 2018.