Nino Tempo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nino Tempo

Tempo og systera April Stevens i 1965
Fødd6. januar 1935 (89 år)
FødestadNiagara Falls
OpphavUSA
Instrumentklarinett, saksofon, vokal, tenorsaksofon
PlateselskapAtco Records
Verka somsongar-låtskrivar, saksofonist, jazzmusikar, songar, filmskodespelar

Nino Tempo (fødd 6. januar 1935 som Antonino LoTempio) er ein USA-amerikansk musikar, songar og skodespelar.

Nino Tempo var eit musikalsk vedunderbarn og spelte klarinett og tenorsaksofon som barn. Han vann eit talentshow berre fir år gammal og spelte på fjernsyn med Benny Goodman då han var sju år. Då familien flytta til California spelte han på radioshowet til Horace Heidt. Som barneskodespelar spelte han i filmar som The Red Pony i 1949 og The Glenn Miller Story i 1953 med James Stewart. Han vart ein etterspurt studiomsuikar og arbeidde som ein del av The Wrecking Crew, i tillegg til at han spelte med Elkie Brooks og Maynard Ferguson (Live at the Peacock, 1956).

Nino Tempo er mest kjend for duetten «Deep Purple» på Atco i lag med systera Carol (som song under artistnamnet April Stevens), som gjekk til topps på Billboard Hot 100 i 1964. Songen vann òg Grammyprisen for beste rock and roll-song, og selde meir enn ein million eksemplar.[1]

Seint i 1973 fekk Tempo den siste hitten sin på Hot 100 med den (nesten) instrumentale «Sister James», som nådde 53. plassen på lista som Nino Tempo and 5th Ave. Sax.

I 1975 spelte Tempo saksofon på John Lennon-albumet Rock 'n' Roll.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Tittel (A-side, B-side) Salslister Album
US US
AC
US R&B
1958 «Loonie 'Bout Junie»
med «15 Girl Friends»
Ikkje albumspor
1959 «Ding-A-Ling»
med «When You Were Sweet Sixteen»
1960 «Jack The Ripper» (med Pete Rugolo & His Orchestra)
B-side by Pete Rugolo, His Orchestra and Chorus: «Main Theme From 'Jack The Ripper'»
«Lipstick On Your Lips»
med «What Is Love To A Teenager»
1967 «Boys Town (Where My Broken Hearted Buddies Go)»
med instrumental «Sing Along»-versjon på A-sida
1973 «Sister James»
med «Clair De Lune (In Jazz)» (Ikkje albumspor)
Nino Tempo & 5th Ave. Sax
53 18 78 Come See Me 'Round Midnight
1974 «Come See Me Round Midnight»
med «High On The Music»
Nino Tempo & 5th Ave. Sax
«Don't Stop Now»
med «Gettin' Off»
Nino Tempo & 5th Ave. Sax
1980 «I Know Where You're Goin'»
A-side by Tommy Dee: «Here Is My Love»
Ikkje albumspor

Som sidemann[endre | endre wikiteksten]

Med Maynard Ferguson

Med the Modern Jazz Quartet

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Murrells, Joseph (1978). The Book of Golden Discs (2nd utg.). London: Barrie and Jenkins Ltd. s. 167. ISBN 0-214-20512-6.