Nintendo Land

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nintendo Land

Utviklar(ar)Nintendo EAD
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørNintendo eShop
Kreativt ansvarleg(e)Takayuki Shimamura
Yoshikazu Yamashita
Produsent(ar)Katsuya Eguchi
Plattform(er)Wii U
UtgjevingNA: 18. november 2012
EU: 30. november 2012
JP: 8. desember 2012
SjangerSelskap, eventyr
SpelemodusEinspelar, fleirspelar
AldersgrensePEGI 7
Nettstadhttp://nintendoland.nintendo.com

Nintendo Land er eit selskapsspel utvikla og utgjeve av Nintendo. Spelet vart først annonsert under E3 2012 under pressekonferansen til Nintendo og utgjeve same året som ein lanseringstittel til Wii U.[1]

Nintendo Land inkluderer tretten spel, der tolv av dei baserer seg på ein eksisterande Nintendo-serie, som Mario og The Legend of Zelda. Spela blir framstilte som attraksjonar i den fiktive, eponyme moroparken Nintendo Land og er laga for å demonstrere konseptet med Wii U og Wii U GamePad-kontrollen for nye spelarar, på same vis som 2006–spelet Wii Sports skulle demonstrere Wii og Wii Remote.

Nintendo Land har selt 5,19 millionar kopiar per 31. mars 2019, og er det femte mestseljande spelet på Wii U.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]