Nintendo Switch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nintendo Switch
Nintendo Switch Logo.svg
Nintendo-Switch-Console-Docked-wJoyConRB.jpg
Nintendo-Switch-wJoyCons-BlRd-Standing-FL.jpg
Ein Nintendo Switch-konsoll plassert i dokking-
stasjonen (over) og i handhalden konfigurasjon
(under).
ProdusentNintendo
TypeSpelekonsoll
Lansering3. mars 2017
Einingar selde32,27 millionar[1]
Mestseljande spelMario Kart 8 Deluxe
(15,02 millionar)[1]
ForgjengarWii U
Nettstadwww.nintendo.com/switch/

Nintendo Switch er ein spelekonsoll utvikla av Nintendo. Konsollen var kjent under kodenamnet NX fram til avdukinga den 20. oktober 2016[2], og hadde verdsfemnande lansering den 3. mars 2017. Nintendo marknadsfører Switch som ein hybridmaskin: Han er primært designa som ein heimekonsoll, der hovudeininga blir plassert i ein dokkingstasjon for å koplast til eit fjernsyn. Alternativt kan hovudeininga fjernast frå dokkingstasjonen og brukast som ein bærbar spelemaskin eller plasserast oppreist på ei overflate, synleg for fleire spelarar.

Nintendo Switch bruker trådlause Joy-Con-kontrollar, som har standardknappar, analoge kontrollstikker og registrering av rørsler og som kan gje tilbakemeldingar i form av vibrasjonar. Joy-Con kan festast på begge sidene av konsollen for å støtte handhalde spel, festast til eit tilbehøyr for å gje form som ein tradisjonell kontroll eller brukast individuelt i handa på samme vis som Wii Remote og Nunchuk.

Nintendo har per 31. desember 2018 selt 32,27 millionar Nintendo Switch-konsollar. Dei bestseljande spela til konsollen er mellom anna Pokémon: Let's Go, The Legend of Zelda: Breath of the Wild, Super Smash Bros. Ultimate, Super Mario Odyssey og Mario Kart 8 Deluxe som har selt høvesvis ti millionar, elleve millionar, tolv millionar, tretten millionar og femten millionar kopiar.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]