Nipahvirussjukdom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nipahvirussjukdom er ein virussjukdom valda av nipahviruset. Sjukdomen drep 40-75 % av dei som får han. Menneske kan smittast av dyr, andre menneske og mat som har vore ureina av infiserte dyr. Det har vore fleire utbrot av sjukdomen i Asia, der fruktskinnvengjer i slekta Pteropus, reservoaret til nipahviruset, lever.[1]

Symptom på sjukdomen kjem vanlegvis mellom 4 og 14 dagar etter kontakt med viruset. Sjukdomen byrjar med feber og hovudverk, og ofte med teikn på luftvegssjukdom. Dette kan fylgjast av hjernebetennelse som snøgt kan føra til koma etter 24 til 48 timar.[1]

Per januar 2021 er det ingen godkjende lækjemiddel for nipahvirussjukdom.[1]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Nipah Virus (NiV)». Centers for Disease Control and Prevention. Henta 16. januar 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Nipahvirussjukdom
Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.