Nir Etzion
Utsjånad
| Nir Etzion | |||
| landsby | |||
| Namneopphav: Etzion Meadow | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Karmelberget | ||
| Distrikt | Haifa distrikt | ||
| Kommune | Hof HaCarmel | ||
| Koordinatar | 32°41′52.08″N 34°59′36.59″E / 32.6978000°N 34.9934972°E | ||
| Folketal | 877 (2007) | ||
| Grunnlagd | 1950 | ||
| • Grunnlagd av | Flyktningar og Holocaust-overlevande | ||
| Tilhøyrsle | Hapoel HaMizrachi | ||
![]() Nir Etzion 32°41′52″N 34°59′37″E / 32.6978°N 34.993497222222°E | |||
| Wikimedia Commons: Nir Etzion | |||
| Nettstad: www.nirezion.com | |||
Nir Etzion (hebraisk skrift נִיר עֶצִיוֹן, tyder Etzion-enga) er ein religiøs moshav shitufi nord i Israel. Han ligg mellom Ein Hod og Ein Hawd nær Atlit og høyrer til Hof HaCarmel regionale kommune. I 2007 var folketalet 877.
Landsbyen vart grunnlagd i 1950 som ein kibbutz av flyktningar frå Kfar Etzion og Be'erot Yitzhak (som var fanga av jordanske og egyptiske soldatar under den arabisk-israelske krigen i 1948) i tillegg til Holocaust-overlevande og medlemmar av Ahdut og Tikva kvutzot. Han vart kalla opp etter Kfar Etzion.
I 1953 vart han omgjort til ein moshav shitufi.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Nir Etzion» frå Wikipedia på engelsk, den 8. april 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad (he)


