Nitritt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nitrittion
Modell av eit nitrittion
Nitrittion

Nitritt er eit ion med kjemisk formel NO2. Anionet er symmetrisk med like N-O-bindingslender og ei O-N-O-bindingsvinkel på ca. 120°. Han er giftig for dyr og planter, men dels blir det ført med vassrørsla bort frå dei øvste jordlaga, og dels kan visse bakteriar omsetje iona til luftformig nitrogen. Difor er nitrittskadar sjeldne, med mindre iona har nådd ned til grunnvatnet. I så fall kan sårbare personar (især born under to år) skadast alvorleg av forgifting med nitrosaminar som blir danna i tarmen.

Nitritt vert nytta som konserveringsmiddel i matvareindustrien (hamburgerrygg, saltkjøt, pølser og anna kjøtpålegg). Ved handsaming med nitritt heldt kjøtet ein lyseraud farge, som skjuler den grå tonen som oppstår når kjøtet oksiderer.

Nitritt er òg ein relativt spesifikk og sensitiv markør for urinvegsinfeksjon. Førekomsten av nitritt i urinen kan testast enkelt ved urinstix, som til dømes Combur. I urin finst naturleg nitrat, og mange bakteriar som medfører urinvegsinfeksjon har evna til å omdanne nitrat til nitritt. Dette gjeld enno ikkje for Pseudomonas species, enterokokkar og stafylokokkar, sidan ingen av desse bakteriane kan redusere nitrat til nitritt. Statistisk sett er desse bakteriane mykje sjeldnare ved urinvegsinfeksjon enn t.d. den vanlege Ea. coli, som kan omdanne nitrat til nitritt. Når ein finn nitritt i urin, er det altså eit relativt sikkert teikn på at ein har urinvegsinfeksjon, slik at det indiserer at urinen sendast inn til bakteriologisk dyrking ved eit mikrobiologisk laboratorium. Det er viktig å merke seg at ein positiv nitrittest ikkje seier noko om det faktisk finst bakteriar i urinen, heller ikkje kva for ein type eller konsentrasjon - alt saman tilhøve som er avgjerande for handsaminga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]