Nitty Gritty Dirt Band

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nitty Gritty Dirt Band

Bandet i 1976.
AliasThe Dirt Band, The Toot Uncommons
OpphavLong Beach i California i USA
AktivSidan 1966
Sjanger
Tilknytte artistarThe Severin Sisters
PlateselskapLiberty, EMI America, Capitol, United Artists, Warner Bros., Universal, MCA, Rising Tide, DreamWorks, Dualtone, Sugarhill
MedlemmerBob Carpenter
Jimmie Fadden
Jaime Hanna
Jeff Hanna
Ross Holmes
Jim Photoglo
Tidlegare medlemmerRalph Barr
Merel Bregante
Jackson Browne
Michael Buono
John Cable
Jackie Clark
Chris Darrow (d. 2020)
Michael Gardner
Al Garth
Richard Hathaway
Jimmy Ibbotson
Bruce Kunkel
Bernie Leadon
Vic Mastrianni
Les Thompson
John McEuen

Nitty Gritty Dirt Band er eit USA-amerikansk countryband. Gruppa har eksistert i forskjellige format sidan det vart skipa i Long Beach i California i 1966.[1] Det har vore minst eit dusin utskiftingar i bandet i løpet av åra, inkludert ein periode frå 1976 til 1981 då bandet spelte som Dirt Band.

Dei faste medlemmane frå dei tidlege åra er songaren og gitaristen Jeff Hanna og trommeslagaren Jimmie Fadden. Multi-instrumentalisten John McEuen var med bandet frå 1966 til 1986, og kom attende i 2001, før han igjen slutta i november 2017. Klaverspelaren Bob Carpenter kom inn i bandet i 1977. Bandet er ofte omtalt som særs viktig i utviklinga av moderne country og roots-musikk.

Av suksessane til bandet finn ein ein coverversjon av Jerry Jeff Walker sin «Mr. Bojangles». Av album finn ein Will the Circle be Unbroken frå 1972, med tradisjonelle countryartistar som Mother Maybelle Carter, Earl Scruggs, Roy Acuff, Doc Watson, Merle Travis og Jimmy Martin. Ein oppfølgjar basert på same konseptet, Will the Circle Be Unbroken: Volume Two kom ut i 1989, og selde til gullplate og vann to Grammyprisar, og vart kåra til årets album av Country Music Association Awards.

Historie[endre | endre wikiteksten]

1966–1969[endre | endre wikiteksten]

The Nitty Gritty Dirt Band vart skipa kring 1966 i Long Beach i California av songaren og gitaristen Jeff Hanna og songaren, låtskrivaren og gitaristen Bruce Kunkel, som hadde spelt i lag som The New Coast Two og seinare The Illegitimate Jug Band.[1] Dei prøvde å «finne ut korleis dei kunne klare seg utan å arbeide» og Hanna og Kunkel vart med ein uformell jam i McCabe's Guitar Shop i Long Beach. Der møtte dei eit par andre musikarar: gitaristen og vaskebaljebassisten Ralph Barr, gitaristen og klarinettisten Les Thompson, munnspel- og krukkespelaren Jimmie Fadden, og gitaristen og songaren Jackson Browne. Som Nitty Gritty Dirt Band skipa dei seks mennene eit jugband og byrja å spele den gryande folkrockstilen frå sørlege California. Dei spelte i lokale klubbar medan dei gjekk kledd i stripete dressar og cowboystøvlar. Den første betalte konserten deira var på Golden Bear i Huntington Beach i California.[2]

Browne var berre i bandet nokre månadar før han slutta for å konsentrere seg om ein solokarriere som songar-låtskrivar.[1] Han vart erstatta av John McEuenbanjo, fele, mandolin og steelgitar. Den eldre broren til McEuen, William, var manageren deira, og hjelpte bandet å få signert ein kontrakt med Liberty Records, som gav ut debutalbumet deira, The Nitty Gritty Dirt Band i 1967.[1] Den første singelen til bandet, «Buy for Me the Rain», nådde topp 40 i USA,[1] og bandet fekk spele på The Tonight Show Starring Johnny Carson, og heldt konsertar i lag med andre artistar som Jack Benny og The Doors.

Det andre albumet, Ricochet, kom ut seinare på året, men vart ikkje ein like stor suksess som det første.[1] Kunkel ønskte at bandet skulle byrje å spele «meir elektrisk», og spelte fleire originale songar. Bruce slutta i gruppa for å skipe WordSalad and of the People. Han vart erstatta av multi-instrumentalist Chris Darrow.[1]

I 1968 byrja bandet likevel å bruke elektriske instrument og la til trommer. Det første elektriske albumet deira, Rare Junk, selde dårleg, og det same gjorde det neste albumet, Alive.

Bandet fortsette å byggje seg eit publikum, hovudsakleg som eit litt rart band, og spelte i filmen For Singles Only i 1968, og hadde ei kort rolle i den musikalske western-filmen Paint Your Wagon i 1969,[1] der dei framførte «Hand Me Down That Can o' Beans». Bandet spelte òg i Carnegie Hall som oppvarming for Bill Cosby og spelte i ein jam med Dizzy Gillespie.

1969–1976[endre | endre wikiteksten]

Gruppa tok ein pause på eit halvt år etter Paint Your Wagon, og kom så saman att med Jimmy Ibbotson i staden for Chris Darrow. Med William McEuen som produsent og ei nyforhandla kontrakt, fekk bandet meir kunstnarisk fridom. Bandet spelte inn og gav ut Uncle Charlie & His Dog Teddy i 1970.[1] Dei byrja då å spele ein streit, tradisjonell country og bluegrass, og albumet inneheld somme av dei mest kjende singlane deira: ein coverversjon av Jerry Jeff Walker sin «Mr. Bojangles»[3], Michael Nesmith sin «Some of Shelley's Blues», og fire Kenny Loggins-songar, som «House at Pooh Corner», som var dne første innspelinga av ein Loggins-song.[1] Versjonen deira av «Mr. Bojangles» vart den første hitten deira og nådde niandeplassen på Billboard Hot 100-lista. Singelen låg 36 veker inne på lista.

Det neste albumet deira, All the Good Times, kom ut tidleg i 1972 i ein liknande stil.

Nitty Gritty Dirt Band prøvde så å forsterke ryktet sitt som eit countryband og John McEuen spurte Earl Scruggs om han ville spele inn musikk med gruppa. Scruggs sa ja, og McEuen spurte så Doc Watson same spørsmålet. Då han òg sa ja, fortsette dei å spørje andre artistar, og med hjelp av Earl og Louise Scruggs reiste dei til Nashville, og spelte inn det som vart eit tredobbelt album, Will the Circle Be Unbroken med dei gamle Nashville-travarane Roy Acuff, Earl Scruggs og Jimmy Martin, countrypioneren Mother Maybelle Carter, folkblues-gitaristen Doc Watson, Merle Travis, Norman Blake og andre.[1] Tittelen er frå songen «Will the Circle Be Unbroken (By and By)», slik han vart tilpassa av A.P. Carter og syner til temeaet på albumet deri dei prøvde å knyte saman tre generasjonar av musikarar: langhåra gutar frå Californai og gamle veteranar frå det mellomamerikanske etablissementet. Sporet «I Saw the Light» med Acuff på song, vart ein suksess og albumet vart nominert til Grammyprisar. Den erfarne felespelaren Vassar Clements vart introdusert for eit større publikum med albumet og fekk ein ny karrire. Bandet turnerte òg to gonger i Japan på denne tida.

Etter det neste albumet slutta Les Thompson i gruppa og fire mann var att. Stars & Stripes Forever var eit konsertalbum som blanda gamle suksessar som «Buy for Me the Rain» og «Mr. Bojangles» med artistar frå Circle-prosjektet. Felespelaren Vassar Clements var ein av gjesteartistar. Plata inneheldt òg lange monologar. Det kom òg ut eit studioalbum, Dream.

I juli 1974 var bandet ein av attraksjonane på Ozark Music Festival i Missouri State Fairgrounds i Sedalia i Missouri. Somme estimat indikerer at det var 350 000 menneske i publikum, som gjer dette til ein av dei største musikalske hendingane i historia. På ein annan konsert varma bandet opp for rockebandet Aerosmith.

1976–1981: «The Dirt Band»[endre | endre wikiteksten]

Jimmy Ibbotson slutta i bandet mot slutten av 1976, og Fadden, Hanna og McEuen var att, men dei fekk med seg John Cable og Jackie Clark på gitar og bass. I mai 1977 vart The Nitty Gritty Dirt Band det første amerikanske bandet som fekk løyve til å turnere i Sovjetunionen og spelte 28 utselde konsertar der, og spelte på sovjetisk fjernsyn i eit program som ein estimerer vart sett av 145 millionar menneske. I 1977 spelte The Nitty Gritty Dirt Band i andre sesongen av PBS-programmet Austin City Limits.

Bandet gav ut det første samlealbumet sitt, Dirt, Silver & Gold i 1976. Etter denne plata korta dei ned namnet sitt til The Dirt Band,[1] og stilen deira vart meir pop og rock-orientert. Saksofonisten Al Garth, trommeslagaren Merel Bregante og bassisten Richard Hathaway kom inn i gruppa i 1978, og Jeff Hanna vart produsenten deira for dei neste par albuma.

Klaverspelaren Bob Carpenter (som stundom spelte med bandet frå 1975) medverka på albumet The Dirt Band i 1978 og kom inn permanent i bandet i 1980.

Album frå denne tida var mellom andre The Dirt Band og An American Dream. Singelen «American Dream» med Linda Ronstadt nådde 13. plassen på Billboard-lista. Bandet spelte òg på Saturday Night Live, der dei framførte ein instrumental, «White Russia», med Steve Martin på banjo. Seinare spelte dei igjen, som The Toot Uncommons, då dei akkompagnerte Steve Martin på songen hans «King Tut». Dei spelte òg på studioutgåva av denne songen, som vart spelt inn Aspen tidlegare det året.

I 1979 slutta Bregante i gruppa og trommeslagarane Michael Buono og så Michael Gardner erstatta Bregante på scenen då gruppa drog på turné, men vart etterfølgd av Vic Mastrianni i 1981. Al Garth byrja å spele i Pure Prairie League og seinare i Eagles.

Albuma Make a Little Magic og Jealousy kom ut i 1980 og 1981, og singelen «Make a Little Magic» med Nicolette Larson nådde topp 25 på poplista. Gruppa framførte òg songen på programmet til Steve Martin, All Commercials i 1980, der Martin mima til Larson sin vokal for den siste delen av songen.

1982–1989: attende til «Nitty Gritty»[endre | endre wikiteksten]

Bandet tok attende det opphavlege namnet sitt og countryrøtene i 1982. Med ei besetning som bestod av Hanna, Fadden, McEuen, Carpenter og Ibbotson spelte dei inn albumet Let's Go i Nashville, med singelen «Dance Little Jean» som nådde topp 10 på countrylista.[1] Det neste albumet, Plain Dirt Fashion i 1984 gav dei den første førsteplassen deira på singellista med «Long Hard Road (The Sharecropper's Dream)».

Det vart to førsteplassar til på countrylista: «Modern Day Romance» (1985)[1] og «Fishin' in the Dark» (1987), og sistnemnde vart den mestseljande singelen deira. I 2014 hadde singelen selt til platinaplate, trass i at han aldri nådde Hot 100-lista til Billboard. Andre suksessrike songar var «Dance Little Jean» (1983); «I Love Only You» (1984); «High Horse» (1985); «Home Again in My Heart,» «Partners, Brothers and Friends» og «Stand a Little Rain» (1986); «Fire in the Sky,» «Baby's Got a Hold on Me» og «Oh What a Love» (1987); «Workin' Man (Nowhere to Go)» og «I've Been Lookin'» (1988) og «Down That Road Tonight» og «When it's Gone» (1989).

Dei spelte under sommar-OL i Los Angeles i 1984 og på den første Farm Aid-konserten i Champaign i Illinois. Ein konsert i høve 20-årsjubileet deira i McNichols Sports Arena i Denver vart framført med gjesteartistar som Ricky Skaggs, Emmylou Harris, Doc Watson og John Prine.

John McEuen slutta i bandet mot slutten av 1986 og vart erstatta av Bernie Leadon, som tidlegare spelte i Eagles.[1] Han vart verande med The Nitty Gritty Dirt Band i 1987 og 1988. Det 19. albumet deira, Hold On inneheld hittane «Fishin' in the Dark» og «Baby's Got a Hold on Me», som begge nådde toppen av countrylista. Bandet spelte på Today Show og The Tonight Show same veka og turnerte i Europa. Etter å ha medverka på «Workin' Band» som musikar, låtskrivar og songar, slutta Bernie Leadon i bandet.

I 1989 drog Nitty Gritty Dirt Band attende til Nashville for å spele inn Will the Circle Be Unbroken: Volume Two.[1] Dei hadde igjen med seg Earl Scruggs, Vassar Clements og Roy Acuff frå den første utgåva. Johnny Cash og Carter Family, Emmylou Harris og Ricky Skaggs vart òg med på innspelinga, i tillegg til John Prine, Levon Helm, John Denver, John Hiatt, Bruce Hornsby, og Roger McGuinn og Chris Hillman, som tidlegare spelte i The Byrds.[1] Dette albumet vann to Grammyprisar[4] og vart kåra til årets album av Country Music Association Awards.

1990–2000[endre | endre wikiteksten]

Som firemannsband med Hanna, Fadden, Ibbotson og Carpenter, turnerte bandet igjen i det tidlegare Sovjetunionen, i tillegg til Canada, Europa og Japan. 25-årsjubileumskonserten deira vart spelt inn og gjeven ut som Live Two Five frå Red Deer i Alberta, produsert av T-Bone Burnett.

I 1992 samarbeidde bandet med dei irske folkemusikarane i The Chieftains for det Grammy-vinnande albumet Another Country. Albumet Acoustic, som vart innspelt akustisk, inneheld ein duett med Karla Bonoff, «You Believed in Me» for MCA Olympic-samleplata One Voice, og ein coverversjon av Buddy Holly sin «Maybe Baby» for hyllestplata Not Fade Away. The Christmas Album kom ut i 1997, etterfølgd av Bang! Bang! Bang! i 1999.

2000-åra[endre | endre wikiteksten]

John McEuen kom inn i bande ti 2001. I 2002 feira Nitty Gritty Dirt Band 30-årsjubileet til Will the Circle Be Unbroken med ei ommastra utgåve på CD og ei ny samleplate kalla Will the Circle Be Unbroken: Volume III. Eit album med berre nye innspelingar, Welcome to Woody Creek, kom ut i 2004. Jimmy Ibbotson slutta igjen i bandet eit par år seinare.

I 2004 gav countrygruppa Rascal Flatts ut ein versjon av «Bless the Broken Road», som The Nitty Gritty Dirt Band hadde spelt inn på Acoustic i 1994. Låtskrivarane Jeff Hanna, Marcus Hummon og Bobby Boyd vann for dette Grammyrpisen for beste countrysong i 2005.

I 2005 donerte bandet songen «Soldier's Joy» for det veldedige albumet Too Many Years til inntekt for Clear Path International sitt arbeid for overlevande av landminer. I 2005 vart bandet anerkjend av International Entertainment Buyers Association for 40 år med bidrag til musikkindustrien.

I 2009 gav bandet ut eit nytt album, Speed of Life. Det var produsert av George Massenburg og Jon Randall Stewart, Speed of Life består av ei rekkje konsert- og studioopptak som vart spelt inn så enkelt som mogeleg for å demonstrere samarbeidsanda og spontaniteten til bandet. Av dei 13 spora på Speed of Life, er 11 av dei nye songar skrivne av abndet, i tillegg til to coverversjonar: Canned Heat sin «Going Up the Country» og Stealers Wheel sin «Stuck in the Middle».

2010-åra[endre | endre wikiteksten]

I september 2015 feira Nitty Gritty Dirt Band 50-årsjubileet sitt med ein utseld konsert på Ryman Theater. Dette vart filma og sendt på PBC i mars 2016. Blant gjesteartistane på konserten var John Prine, Sam Bush, Vince Gill, Jerry Jeff Walker, Alison Krauss, Rodney Crowell, Byron House, Jerry Douglas og Jackson Browne i tillegg til det tidlegare medlemmet Ibbotson. Den 30. september 2016 kom konsertalbumet og DVD-en Circlin’ Back: Celebrating 50 Years ut. John McEuen annonserte at han slutta i bandet i desember 2017 då 50-årsjubileumsturneen deira var over. Han har sidan vore soloartist. I 2018 vart Jaime Hanna, sonen til Jeff Hanna, og Ross Holmes med bandet på turné, i tillegg til Jim Photoglo, som byrja å spele med bandet i 2016.

25. juni 2019 skreiv The New York Times Magazine at Nitty Gritty Dirt Band var blant dei mange hundre artistane som fekk innspelingane sine øydelagd i brannen som råka Universal i 2008.[5]

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Noverande medlemmar

  • Jeff Hanna – vokal, gitar, vaskebrett, perkusjon (sidan 1965)
  • Jimmie Fadden – trommer, munnspel, perkusjon, vokal (sidan 1966)
  • Bob Carpenter – klaverinstrument, trekkspel, keyboard bass, vokal (sidan 1979)
  • Jim Photoglo – bass, akustisk gitar, vokal (sidan 2016)
  • Jaime Hanna – gitar, vokal (sidan 2018)
  • Ross Holmes – fele, mandolin, vokal (sidan 2018)

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå diskografien til Nitty Gritty Dirt Band.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]