Nitzan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°44′7.79″N 34°37′29.28″E
Nitzan
fellesbusetnad
Karavila Nitsan.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Den sørlege kystsletta
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Hof Ashkelon
Koordinatar 31°44′7.79″N 34°37′29.28″E
Folketal 3 000
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Nitzan

Nitzan (hebraisk skrift ניצן, tyder Knopp) er ein religiøs fellesbusetnad sør i Israel. Han ligg mellom Nitzanim-sanddynene nord for Ashkelon og høyrer til Hof Ashkelon regionale kommune. I 2007 var folketalet 3 000. Byen har mange Bnei Menashe (10 -20% av folkesetnaden), frå det indiske-myanmarske grenseområdet i India.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den første busetnaden som låg her var kibbutzen Nitzanim i 1943. Kibbutzen vart grunnlagd etter Jewish National Fund kjøpte landområdet og eit stort hus som berre vart kalla «herskapshuset» i 1942.[1] Dei første innbyggjarane var immigrantar, somme var Holocaust-overlevande. Han tok seinare i mot fleire immigrantar frå Polen og Romania. Kibbutzen vart erobra av Egypt under den arabisk-israelske krigen i 1948, men teken attende av Israel mot slutten av krigen. Kibbutzen vart så flytta fleire kilometer lenger sør.

I 1995 hadde Nitzan eit folketal på 105. Han opplevde ein stor vekst i midten av 2000-åra då fleire familiar flytta hit då dei vart evakuerte frå Gush Katif under den israelske tilbaketrekkinga frå Gaza. 500 mobile heimar vart bygd aust i Nitzan (eit område som vart kalla Nitzan Bet).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Women of Valor Sentral - Nitzanim Society for the Preservation of Israel Heritage sites