Nitzana i Israel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nitzana
fellesbusetnad
Nitzana sett frå sør
Land  Israel
Region Negev
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Ramat HaNegev
Koordinatar 30°53′9.54″N 34°25′21.25″E / 30.8859833°N 34.4225694°E / 30.8859833; 34.4225694
Folketal 99 (2016)
Grunnlagd 1987
Kart
Nitzana i Israel
30°53′10″N 34°25′21″E / 30.885983333333°N 34.422569444444°E / 30.885983333333; 34.422569444444
Wikimedia Commons: Nitzana

Nitzana (hebraisk skrift נִצָּנָה, ניצנה) er ein ungdomslandsby og fellesbusetnad vest i Negevørkenen i Israel, nær den egyptiske grensa. Han er kalla opp etter den nærliggande nabateiske byen Nitzana.

Denne busetnaden vart grunnlagd i 1986 av Aryeh Eliav, eit tidlegare medlem i Knesset og har i dag eit folketal på kring 50 familiar. Han høyrer til Ramat HaNegev regionale kommune.

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

Nitzana vart grunnlagd av nabatearane på 200-talet fvt. Det finst spor etter ein bygning frå det første hundreåret fvt. med ei stor trapp. Denne busetnaden var ein handelsstasjon på vegen mellom Eilat og Gaza. Tidleg på 100-talet evt. flytta keisar Hadrian denne handelen frå Eilat til Damaskus. Trass i dette voks Nitzana under bysantinsk styre. Seint på 200-talet evt. var borga gjort større med stallar for hestar og kamelar. På 300-talet vart det bygd ei kyrkje i nordenden av borga. Denne var tileigna St. Sergius og Bakkus. På 600-talet vart ein ny kyrkje, tileigna Jomfru Maria, bygd 60 meter søraust for borga.

Skatteregisteret for 587-578 evt. syner at byen hadde 1 500 innbyggjarar, med 116 hus. Dette var då ei tid med velstand då ruta frå Gaza til Elat opna opp att, i tillegg til pilegrimstrafikk til St. Katarina-klosteret. Ein funn med papyrus frå sein bysantinsk tid, har gjeve eit detaljert innblikk i korleis det var i byen på denne tida.

Etter islam tok over området, gjekk det gradvis nedover med byen og på 700-talet eksisterte han ikkje lenger.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Murphy-O'Conner, Jerome (2008) The Holy Land. An Oxford Archaeological Guide (5th edition), Oxford University Press. ISBN 978 0 19 923666 4. Pages 430-432.