Njasvizj slott

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Njasvizj slott

LandBelarus
Innskriven ved UNESCOs 29. sesjon i 2005.
Referansenr. 1196.
Kriterium:CULTURAL: II, IV, VI
Sjå ògVerdsarvstader i Europa
BakgrunnsstoffNjasvizj slott ved unesco.org
Njasvizj slott

ArkitektJan Maria Bernardoni
StilBarokkarkitektur
Kart
Njasvizj slott
53°13′22″N 26°41′30″E / 53.222877777778°N 26.691736111111°E / 53.222877777778; 26.691736111111

Njasvizj slott (belarusisk Нясьвіскі замак) er ein verdsarvstad i Njasvizj i Belarus.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Det rektangulære, treetasjes slottet vart bestilt av magnaten Mikołaj Krzysztof Radziwiłł i 1582. Hovudbygningen stod ferdig i 1604. Eit halvt hundreår seinare vart det bygd fleire galleri. Hjørna av slottet vart grunnfesta med fire åttekanta tårn.

I 1706, under den store nordiske krigen, plyndra hæren til Karl XII slottet og øydela festningsverka. Nokre tiår seinare inviterte familien Radziwiłł nokre tyske og italienske arkitektar til å renovere og utvide slottet. Antoni Zaleski dekorerte den gule fasaden med barokkstukkatur. Portane til slottet frå 1600-talet vart også rekonstruerte, og slottets toetasjes tårn vart krona med tårnhette.

Renovering og seinare bruk[endre | endre wikiteksten]

I 1881–1886 vart interiøret av slottet renovert av prins Antoni Radziwiłł og kona hans Marie de Castellane. Dei teikna også slottsparken i engelsk stil. I 1939 vart familien kasta ut av slottet av den raude hæren. Under Sovjettida vart slottet brukt som eit sanatorium. Parken vart gradvis forfallen.

I 1994 vart slottet erklært som eit nasjonalhistorisk og kulturelt reservat. I 2005 vart slottet oppført på UNESCO si verdsarvliste. Slottskomplekset vert rekna som det vakraste i Belarus.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Landmarks, historic and cultural, and natural sites of the Republic of Belarus on the UNESCO World Heritage List». Land of Ancestors. National Statistical Committee of the Republic of Belarus. 2011. Arkivert frå originalen 10. june 2016. Henta 12. oktober 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Njasvizj slott