No Dice

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
No Dice
Studioalbum av Badfinger
Språk engelsk
Utgjeve 9. november 1970 (USA)
27. november 1970 (Storbritannia)
Innspelt 18. april–26. august 1970 i Abbey Road Studios og Trident Studios i London
Sjanger Powerpop[1]
Lengd 40:00
Selskap Apple
Produsent Geoff Emerick
Mal Evans
Badfinger-kronologi 
Magic Christian Music
(1970)
No Dice Straight Up
(1971)
Singlar frå No Dice
  1. «No Matter What»
    Utgjeve: 6. november 1970
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[2]
Robert ChristgauB[3]
Encyclopedia of Popular Music4/5 stars[4]
The Great Rock Discography7/10[5]
Mojo4/5 stars[6]
MusicHound5/5[7]
The Rolling Stone Album Guide3/5 stars[5]
Uncut3/5 stars[8]

No Dice er det andre studioalbumet til det britiske rockebandet Badfinger, gjeve ut på Apple Records 9. november 1970. Det er det tredje albumet deira totalt og gjorde bandet populære, særleg i utlandet. Albumet inneheld både hitsingelen «No Matter What» og songen «Without You», som vart ein av dei mest suksessrike songane i rockehistoria.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om dette var det andre albumet bandet gav ut som Badfinger, vart det førre albumet, Magic Christian Music spelt inn som The Iveys, men gjeven ut som Badfinger. Dette var det første albumet deira etter at den nye gitaristen Joey Molland kom inn i gruppa og erstatta bassisten Ron Griffiths. Med Molland i bandet byta Tom Evans frå rytmegitar til bass. Badfinger gav ut fem album med denne besetninga, som vert rekna som den mest suksessrike.

No Dice nådde 28. plassen på Billboard Hot 200-lista. Det fekk god kritikk då det kom i magasinet Rolling Stone.[9]

Singelen frå albumet, «No Matter What», nådde åttandeplassen i USA på Billboard Hot 100-lista i 1970. Songen vert ofte rekna som eit tidleg døme på powerpop. Albumet inneheld òg originalversjonen av «Without You». Sjølv om Badfinger ikkje sjølv gav ut denne songen på singel, vart han i 1972 ein stor hit for Harry Nilsson, som nådde toppen av Billboard-lista og for Mariah Carey i 1994. «Without You» er sidan blitt covra av meir enn 180 forskjellige artistar.[treng kjelde]

I 1992 kom ei nymastra utgåve av No Dice ut på Capitol Records og Apple, med fem nye bonusspor.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelSongarLengd
1.«I Can't Take It» (Pete Ham)Ham med Evans2:57
2.«I Don't Mind» (Tom Evans/Joey Molland)Evans med Molland3:15
3.«Love Me Do» (Molland)Molland3:00
4.«Midnight Caller» (Ham)Ham med Evans2:50
5.«No Matter What» (Ham)Ham3:01
6.«Without You» (Ham/Evans)Ham med Evans og Molland4:43
Side two
Nr.TittelLead singerLengd
7.«Blodwyn» (Ham)Ham med Evans og Molland3:26
8.«Better Days» (Evans/Molland)Molland med Evans4:01
9.«It Had to Be» (Mike Gibbins)Ham med Gibbins2:29
10.«Watford John» (Evans/Gibbins/Ham/Molland)Ham og Evans3:23
11.«Believe Me» (Evans)Evans med Ham3:01
12.«We're for the Dark» (Ham)Ham3:55
Bonusspor på CD-utgåva
Nr.TittelSongarLengd
13.«Get Down» (Evans/Gibbins/Ham/Molland)Evans med Molland3:43
14.«Friends Are Hard to Find» (Molland)Molland med Evans2:28
15.«Mean Mean Jemima» (Molland)Molland med Evans3:41
16.«Loving You» (Gibbins)Gibbins2:51
17.«I'll Be the One» (Evans/Gibbins/Ham/Molland)Evans med Molland og Ham2:54
Bonusspor på CD-utgåva frå 2010
Nr.TittelLengd
13.«I Can't Take It» (Ham, Extended Version)4:14
14.«Without You» (Mono Studio Demo Version) (Ham, Evans)3:57
15.«Photograph (Friends are Hard to Find)» (Molland)3:24
16.«Believe Me» (Alternate Version) (Evans)3:04
17.«No Matter What»2:57
Digitale bonusspor
Nr.TittelLengd
18.«Love Me Do» (instrumental)2:57
19.«Get Down» (Alternate Version)5:13

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Badfinger
Andre medverkande
  • Geoff Emerick – produsent
  • Mal Evans – produsent
  • Mike Jarrett – miksing
  • John Kurlander – lydteknikar
  • Richard Lush – lydteknikar
  • Keith H - studiomauiskar
  • Steve Kolanijan – notat i omslaget
  • Mike Jarratt – lydteknikar, miksing
  • Marcia McGovern – preproduksjon
  • Roberta Ballard – produksjonsleiar
  • Gene Mahon – design
  • Richard DiLello – design, fotografi
  • Ron Furmanek – digital mastering, mastering, miksing (CD-utgåve)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. AllMusic review by Stephen Thomas Erlewine
  2. AllMusic review
  3. Christgau, Robert. «Robert Christgau: CG: Badfinger». Henta 10. juni 2018. 
  4. Larkin, Colin (2006). The Encyclopedia of Popular Music (4th edn), Volume 1. New York, NY: Oxford University Press. s. 358. ISBN 0-19-531373-9. 
  5. 5,0 5,1 «Badfinger No Dice». Acclaimed Music. Arkivert frå originalen 30. juni 2017. Henta 10. juni 2018. 
  6. Harris, John (November 2010). «Strange Fruit: Various, Original Apple albums, 1969–73». Mojo. s. 116. 
  7. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 65. ISBN 1-57859-061-2. 
  8. «Badfinger – No Dice CD Album« > »Product Description». CD Universe/Muze. Henta 10. juni 2018. 
  9. «Badfinger – No Dice». SuperSeventies.com. Super Seventies RockSite. Henta 10. juni 2018.