No Guts...No Glory av Molly Hatchet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
No Guts...No Glory
Studioalbum av Molly Hatchet
Utgjeve Mars 1983
Innspelt 1983
Studio Bee Jay Recording Studios, Orlando, Florida
Record Plant Studios, Los Angeles, California
Sjanger Southern rock, hardrock
Lengd 41:22
Selskap Epic
Produsent Tom Werman, Dave Hlubek, Duane Roland
Molly Hatchet-kronologi
Take No Prisoners
(1981)
No Guts...No Glory The Deed Is Done
(1984)


Singlar frå No Guts...No Glory
  1. «Kinda Like Love» / «Sweet Dixie»
    Utgjeve: 1983

No Guts...No Glory er det femte studioalbumet til det amerikanske southern rock-bandet Molly Hatchet, gjeve ut i 1983. Den originale vokalisten Danny Joe Brown kom attende i bandet for denne innspelinga. Bandet hadde fått ny rytmeseksjon som bestod av bassisten Riff West (tidlegare i White Witch) og trommeslagaren Barry Borden (tidlegare i Mother's Finest). Det er det einaste albumet til Molly Hatchet som ikkje har eit episk plateomslag med fantasy-tema. Fotografiet til albumet vart visstnok teken i Six Gun Territory, ein no nedlagd temapark i Silver Springs i Florida.

Albumet inneheld den populære songen «Fall of the Peacemakers», med referansar til John Lennon. Under turneen for å marknadsføre albumet, slutta gitaristen Steve Holland i bandet og vart erstatta av klaverspelaren John Galvin.

«What's It Gonna Take», skriven av Gary O'Connor, vart òg spelt inn av bandet Fast Forward på albumet deira Living in Fiction i 1984.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[1]
Collector's Guide to Heavy Metal6/10[2]

Mark Mehler i Record oppsummerte albumet som eit «hovudsakleg rutineprega album med hardcore southern rock («Sweet Dixie», «Ain't Even Close») og streit poprock («What Does it Matter?», «Kinda Like Love»). ... Bruken av klaverinstrument gjev ein fin variasjon, men det er særs lite her me ikkje har høyrd mange gonger før, gjort mykje betre.»

AllMusic-skribenten Michael B. Smith roste Molly Hatchet for å ha gått «attende til ein kraftfull stil som var så dominerande på debutplata» og samanlikna det med «dei beste Lynyrd Skynyrd-platene» og til ein «hardrock liknande Mountain eller tidleg Grand Funk Railroad». Han meinte at Barry Borden hadde tilført gruppa ekstra kraft.[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«What Does It Matter?»Danny Joe Brown, Duane Roland, Riff West3:33
2.«Ain't Even Close»Brown, Roland, West4:35
3.«Sweet Dixie»Dave Hlubek, Steve Holland3:54
4.«Fall of the Peacemakers»Hlubek8:03
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«What's It Gonna Take?»Gary O'Connor3:59
6.«Kinda Like Love»Bobby Allison, Mac Elsensohn4:09
7.«Under the Gun»Hlubek, West3:54
8.«On the Prowl»Barry Borden, Brown, Hlubek4:07
9.«Both Sides»Hlubek5:08

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Molly Hatchet
Andre medverkande
  • Dru Lombar - ekstra gitar på spor 8 og 9
  • Scott Shelly - ekstra gitar på spor 6
  • Jai Winding - klaverinstrument
  • John Galvin - piano
Produksjon

Salslister[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1983 Billboard 200 (USA)[3] 59

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Smith, Michael B. «Molly Hatchet No Guts... No Glory review». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 22. desember 2020. 
  2. Popoff, Martin (1. november 2005). The Collector's Guide to Heavy Metal: Volume 2: The Eighties. Burlington, Ontario, Canada: Collector's Guide Publishing. s. 228. ISBN 978-1-894959-31-5. 
  3. «Molly Hatchet Awards». AllMusic. Rovi Corporation. Arkivert frå originalen 7. april 2016. Henta 22. desember 2020.