No Particular Place to Go

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå No Particular Place To Go)
No Particular Place to Go
Singel av Chuck Berry
frå albumet St. Louis to Liverpool
B-side

«You Two»

Språk engelsk
Utgjeve Mai 1964[1]
Innspelt 25. mars 1964 i Chicago i Illinois[2]
Sjanger Rock and roll
Lengd 2:37
Selskap Chess
Komponist Chuck Berry
Tekstforfattar Chuck Berry
Låtskrivar(ar) Chuck Berry
Produsent Leonard Chess, Phil Chess[2]
Chuck Berry-kronologi 
«Nadine»
(1964)
No Particular Place to Go «You Never Can Tell»
(1964)


«No Particular Place to Go» er ein song av Chuck Berry, utgjeven på singel av Chess Records i mai 1964[1] og sidan på albumet St. Louis to Liverpool i november 1964.[3]

«No Particular Place to Go» vart spelt inn 25. mars 1964 i Chicago i Illinois[2] og består av den same musikken som Berry brukte på ein tidlegare hit, «School Days».[1]

Teksten[endre | endre wikiteksten]

Songen er ei komisk soge på fire vers. I første verset køyrer forteljaren i bilen med kjærasten og dei kyssar. I det andre byrjar dei å kose og køyre langsamt. I det tredje parkerer dei for å ta seg ein tur til fots, men får ikkje laus setebeltet. I det siste verset køyrer dei heim, slått av det fastspente beltet.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Innspelinga av «No Particular Place to Go» vart produsert av Leonard og Phil Chess og med seg på akkompagnement hadde Berry pianisten Paul Williams, trommeslagaren Odie Payne og ein uidentifisert bassist.[2]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1964) Plassering
Canada (RPM Top Forty-5's)[4] 6
UK Singles (Official Charts Company)[5] 3
US Billboard Hot 100[6] 10
US Billboard R&B Singles[6] 10

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]