No Quarter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
No Quarter
Song av Led Zeppelin
frå albumet Houses of the Holy
Utgjeve 28. mars 1973
Innspelt 1972
Sjanger Psykedelisk rock, progressiv rock
Lengd 7:00
Selskap Atlantic
Komponist John Paul Jones
Tekstforfattar Jimmy Page
Låtskrivar(ar) Jones/Page/Plant
Produsent Jimmy Page

«No Quarter» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå albumet Houses of the Holy, frå 1973. Han var skriven av bassist/klaverspelar John Paul Jones, gitarist Jimmy Page og vokalist Robert Plant.

Oversy[endre | endre wikiteksten]

«No Quarter» vart spelt inn i 1972 i Island Studios i London. Lydteknikar var Andy Johns som òg miksa songen i Olympic Studios i London. Versjonen som kom med på albumet utvikla seg frå ein raskare versjon Led Zeppelin hadde spelt inn tidlegare i Headley Grange, ein herregard i East Hampshire i England.[1] Jimmy Page droppa heile songen ein halv-tone for å få ei tettare og meir intens stemning.[2]

Frå 1973 vart «No Quarter» hovudsongen på konsertane til Led Zeppelin og vart spelt på alle konsertane deira til dei gav seg i 1980.[1] Det vart ofte nytta mykje lys- og røykeffektar på scenen under songen. Jones fekk vist seg fram på piano under songen og improviserte ofte lange soloar der han nytta bitar av klassisk musikk. Konsertversjonane av songen varte ofte dobbelt så lenge som studioutgåva, men etter kvart spela Jones ein kort pianokonsert som drog ut den sju minuttar lange songen til over 20 minuttar. Ein versjon i Seattle i 1977 varte 36 minuttar.

Page and Plant spela songen i 1994, ironisk nok utan Jones, og gav han ut på albumet No Quarter: Jimmy Page and Robert Plant Unledded. Robert Plant spela stundom ein annan versjon av songen som opningsnummer på soloturneen hans i 2005, noko som finst på DVDen Soundstage: Robert Plant and the Strange Sensation. «No Quarter» var òg ein sentral del av Jones sine solokonsertar mellom 1999 og 2002.

«No Quarter» vart framført på gjenforeiningskonserten til Led Zeppelin i O2 Arena i London den 10. desember 2007.

Plateprodusent Rick Rubin har kommentert songstrukturen: «Det skal mykje sjølvtillit til for å bli så roleg og laus over så lang tid. Zeppelin endra totalt synet vårt på korleis popmusikk kan vere.»[3]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • 2003: Tyrrell & Supercreep ("Dope Quarter" singel)
  • 2004: Ayreon ("Day Eleven: Love" singel)
  • 2004: Chris Gavin & Ice-T (Stairway to Rock: (Not Just) a Led Zeppelin Tribute)
  • 2004: Jezz Woodroffe (In Through the Swing Door: Swing Cover Versions of Led Zeppelin Classics)
  • 2004: Chemystry Set (Live at the Sweatlodge)
  • 2004: Classic Rock String Quartet (The Led Zeppelin Chamber Suite: A Classic Rock Tribute to Led Zeppelin)
  • 2005: Exhumed (Garbage Daze Re-Regurgitated)
  • 2005: Sly and Robbie (The Rhythm Remains the Same: Sly & Robbie Greets Led Zeppelin)
  • 2006: The Flaming Lips (At War with the Mystics 5.1)
  • 2006: Hookslide (Bump It Up)
  • 2006: Nuspirit Helsinki (Rewind! 5)
  • 2006: Franck Tortiller & Orchestre National de Jazz (Close to Heaven: A Led Zeppelin Tribute)
  • 2006: Michael Armstrong (Rockabye Baby! Lullaby Renditions of Led Zeppelin)
  • 2007: Dark Castle (Flight of Pegasus)
  • 2007: Invisigoth (Alcoholocaust)
  • 2007: Letz Zep (Letz Zep II: Live in London)
  • 2008: Gov't Mule (Holy Haunted House [konsert 2007])
  • 2008: Flametal (Master of the Aire [japansk bonus])

Samplingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1997: Apollo 440 («Electro Glide in Blue»)
  • 2002: Kallabris («Kalkwater»)
  • 2010: Bun B («Gladitor»)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.
  2. Brad Tolinski and Greg Di Bendetto, "Light and Shade", Guitar World, Januar 1998.
  3. The Playlist Special: Fifty Artists Pick Their Personal Top 10s. Rolling Stone. Henta 26. mars 2011.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]