No koma Guds englar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

«No koma Guds englar» er ein norsk julesalme skriven av Elias Blix. Salmen vart utgjeven anonymt 1875 i salmeheftet Nokre Salmar, gamle og nye III. Dette var den første nynorsksalmen som vart sungen i ei offentleg gudsteneste. I denne salmen er hendingane julenatt flytt frå Betlehemsmarka til ei heimleg mørk og kald norsk vinternatt. Melodien som vert brukt til songen kjem frå Skottland og er omforma i ein folketone frå Vest-Agder. Salmen har i originalversjonen åtte vers.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

I denne teksten bruker Blix same grepet som M.B. Landstad bruker i «Fra fjord og fjære»; han plasserer jolebodskapen i eit norsk vinterlandskap. Men der Landstad hentar eit innlandsmotiv, vel Blix eit motiv frå kysten — medan Landstad syng «Herude Kulde er nu og dyben Sne», syng Blix «Der ute ligg Jordi so isende kald, Og Trei stend svarte i Skogen.», og seinare, «Det ljosnar so vænt yver Dalar og Strand».

I mørkaste vinteren kjem englane med si fredshelsing til folket. Og i dei salane og i dei hyttene der strålene frå Betlehemsstjerna får skina inn, lysnar det, og folket stemmer i med ein lovsong: «Guds Fred yver Jord! Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!» Tonane stig som ein helgasong frå jordi, og gjetordet skal så gå frå grend til grend og følgja folket livet ut, òg «i saaraste Suter».

Tonen[endre | endre wikiteksten]

Som melodireferanse viste Blix til Petter Dass si vise «Det hendte sig Jefta den Gileads Mand». Denne folketonen er kjend i ulike variantar. Frå Helgeland har Ole Tobias Olsen notert ned ein variant i 4/4 takt,[1] medan varianten frå Vest-Agder, som står i Norsk Salmebok, er notert i 6/4 takt. Denne tonen vart skriven ned av Ole Mørk Sandvik. Tonen har truleg røter i ei skotsk vise frå 1600-talet.[2]

Tonen har mykje av æra for at denne julesongen har blitt så folkekjær.

Språket[endre | endre wikiteksten]

Frå 1869 til 1875 gav Elias Blix ut tre hefte med nyskrivne og omsette nynorsksalmar. Då hefta kom ut, fanst det enno ikkje nokon autorisert nynorsk rettskrivingsnormal. Elias Blix har i denne salmen ei språkføring som ligg nær mønsteret i Ivar Aasens Norsk Grammatik, med all sin formrikdom – kanskje for å markera at bygdemål ikkje var noko vulgært språk.

  • Han skil mellom sterke og svake hokjønsord: ei «hytta », «jordi» «tungo
  • Han forsøkjer å gjennomføre eit skilje mellom eintal og fleirtal i presens av verb: det «stig», det «ljodar», men dei «kveda», dei «bjoda», dei «faa»
  • Konjunktiv vart markert med e : «Freden meg fylgje»

Andre skilje frå moderne norsk er bruken av endinga -ning i verbalsubstantiv der moderne nynorsk har -ing: «Løysning», «Helsning», og at han skriv «yver» der moderne nynorsk har «over» — og der Blix på sin heimlege dialekt ville sagt «øver».

I utkastet til Norsk Salmebok var det foreslått å la salmen få halda på det høgnorske formverket med fullvokalar i hokjønn og fleirtalsbøying av verb («Så vide som klokkone tima frå tårn»), men i den endelege salmeboka er formverket noko forenkla.

Elias Blix publiserte denne salmeteksten anonymt i Nokre Salmar II (1870). Han var kyrkjeminister då salmen i 1884 første gong vart brukt i ei gudsteneste.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Salmen stod første gong på prent i tredje heftet av Nokre Salmar som Blix gav ut i 1875.[3] Eit tidlegare utkast kom med i julenummeret til Svein Uredd i 1870. Då lydde første linja: «No syngja Guds Englar sin Helgasong ny».[4] I gudsteneste vart han første gongen sungen i Høydalsmo annekskyrkje andre juledag 1884.[5] Prost Sønke Sønnichsen hadde fått prenta eit ark med tre salmar til denne julemessa. «No koma Guds englar» var ein av dei. Han hadde ikkje fått den naudsynte fullmakta frå departementet til å nytte denne salmen. Likevel let han kyrkjelyden syngja han. Julesalmen på landsmål vart godt motteken. Dette var første gongen ein salme på landsmål vart sungen i ei kyrkje.[6] Seinare melde Sønnichsen til departementet at salmen var sungen. Kyrkjestatsråd då var Elias Blix. Han var inhabil i saka. Statsråd Jakob Sverdrup avgjorde i august at saka skal ”bero indtil videre”.

«No koma Guds englar» er seinare teken inn både i Nynorsk Salmebok, Landstads reviderte salmebok og Norsk salmebok. I Norsk salmebok er alle åtte versa tekne med. I Lov Herren : Katolsk salmebok er songen trykt med seks vers (v. 1 og v. 3-7).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. O.T. Olsen: Folketonar frå Nordland Noregs Boklag 1982
  2. Oppl. til nr 63 i Norsk salmebok
  3. Anders Aschim: Elias Blix : Ein betre vår ein gong (2008) s. 555 ISBN 978-82-521-6429-3
  4. Anders Aschim (2008) s. 179 - 181
  5. 2 «Eit språk blir til» i Allkunne.no
  6. O. Bruaset, 2000

Bakgrunnsstoff:[endre | endre wikiteksten]