Noachis Terra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Viking-bilete som syner mesteparten av Noachis Terra (mesteparten av venstre bilethalvdelen)
Nedslagskrateret Maunder på Noachis Terra

Noachis Terra (latin for 'landet til Noah') er eit større terreng på Mars. Det er ein av dei eldste kjende regionane på Mars, estimert til å vera minst 3,9 milliardar år gamalt. Den tidlegaste kjende geologiske perioden på Mars, Noachium, er namnsett etter det.

Grunna alderen er Noachis Terra pepra med nedslagskrater; mange av dei eroderte.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]