Noan Gauslaa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Noan Gauslaa
Fødd11. oktober 1864
Død17. juli 1952
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar

Noan Christian Gauslaa (11. oktober 186417. juli 1952) var ein lærar, avisleiar og stortingsmann frå Lillesand i Aust-Agder. I politikken representerte han partiet Venstre.

Gauslaa var son til ein smed og skipsreiar. Sjølv vart han student i 1882 og cand. mag. i 1891. Han var lærar ved Risør kommunale mellomskule frå 1893, til han i 1899 vart styrar av Askim kommunale høgre allmennskule. Mindre enn to år seinare fekk han same stilling i heimbyen Lillesand, denne stillinga røkta han til 1935.

Gauslaa var medlem av bystyret både i Risør og i Lillesand. Frå 1907 var han ordførar i Lillesand utan avbrot til 1937. Også skulestyreformann i Lillesand ei tid, og styreleiar for Lillesand-Flaksvandbanen. Frå 1901 var Gauslaa både utgjevar og redaktør av venstreavisa Lillesands-Posten, posisjonar han hadde heilt til han døydde 51 år seinare.

Gauslaa var krinsen Sand sin representant på Stortinget i tre periodar; 1906-09 og 1913-18. I den første valbolken var han medlem av næringskomite nr. 2, i dei to siste var han sekretær i Odelstinget og medlem av næringskomite nr 1. Periodane 1922-24 og 1928-33 var han fyrste varamann på Tinget for Aust-Agder fylke. Åra 1922-24 hadde han korte innhopp for Værland, medan han møtte fast frå 15. februar 1928 til 12. mai 1931, den tida partikollegaen Johan Ludwig Mowinckel var statsminister. I desse vel tre åra hadde Gauslaa sete i utanriks- og konstitusjonskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]