Nobels Fredssenter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°54′55.004″N 10°43′49.991″E

Nobels Fredssenter i nærleiken av Rådhuset i Oslo
Foto: David Castor

Nobels Fredssenter er ei norsk stifting som vart skipa av Stortinget i 2000. Den Norske Nobelkomite vel styret i stiftinga.

Ved utstillingar, førelesningar, konferansar og andre aktivitetar for born og vaksne skal fredssenteret informere om Alfred Nobel og fredsprisen han innstifta, om dei som har fått fredsprisen, og om aktuelle konfliktar og den internasjonal innsatsen som vert gjort for å trygge freden.

Senteret har tilhald i den verneverdige stasjonsbygningen på den nedlagte Vestbanestasjonen i Oslo, den tidlegare endestasjonen for Drammensbanen i nærleiken av Rådhuset. Det vart opna av Kong Harald V 11. juni 2005, og då opningsseremonien inngjekk i det offisielle programmet for å markere at det var hundre år sidan unionsoppløysinga mellom Sverige og Noreg vart gjennomført, var både dei svenske og norske kongepara til stades.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]