Nobody's Fault but Mine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

«Nobody's Fault but Mine» er ein tradisjonell bluessong som har vorte spelt av mange musikarar sidan seint i 1960-åra. Ein gospel kalla «It's Nobody's Fault but Mine» er ført opp i Cleveland Library si Index to Negro Spirituals i 1924.[1][2] Den første kjende innspelinga av songen, som «It's Nobody's Fault but Mine» vart gjort av gitarist Blind Willie Johnson, spelt inn i perioden 1927-1930.[3] Det er ukjend kven som har skrive songen og om han berre er ein tradisjonell song. Versjonen til Johnson er i dag offentleg eigedom. Ein kraftig omgjort versjon finst på albumet Presence av det engelske rockebandet Led Zeppelin. Ein annan versjon av songen vart stundom spela av Jerry Garcia med the Grateful Dead, stundom med tekst, stundom utan og stundom tilskriven Blind Willie Johnson.[4]

Led Zeppelin[endre | endre wikiteksten]

Nobody's Fault But Mine
Song av Led Zeppelin
frå albumet Presence
Utgjeve 31. mars 1976
Innspelt November-desember 1975
Sjanger Hardrock
Lengd 6:27
Selskap Swan Song
Låtskrivar(ar) Jimmy Page, Robert Plant
Produsent Jimmy Page

«Nobody's Fault but Mine» vart spelt inn av det engelske rockebandet Led Zeppelin og gjeven ut i 1976 på albumet deira Presence. Led Zeppelin-songen er registret på ASCAP med opphavsrett.[5]

Oversym[endre | endre wikiteksten]

Teksten på utgåva til Led Zeppelin inneheld ein annan tekst[6] med tekstlinjer ein ikkje finn på Johnson-versjonen. Songstrukturen til Led Zeppelin er òg annleis i både vers og refreng.[7] Musikalsk er det endringar i tempoet og songen inneheld eit deltablues-basert riff i e-moll (og seinare E-dur) av Jimmy Page.

Plateprodusent Rick Rubin kommenterte songen: «Ein tradisjonell blues, vridd gjennom eit trippete, psykedelisk filter. Dei spela med slik presisjon, og gjorde desse merkelege arrangementa som høyrest ut som lause jammar, men som verkeleg er koreograferte.»[8]

Konsertar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spela på konsertane til Led Zeppelin frå 1977 og frametter til dei gav seg i 1980.[9] Ein konsertversjon frå Knebworth i 1979 finst på Led Zeppelin DVD.

«Nobody's Fault but Mine» vart òg spela på gjenforeiningskonserten til Led Zeppelin i O2 Arena i London den 10. desember 2007.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Tilskriven Page/Plant

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kennedy, Robert Emmet (1925). Mellows, a Chronicle of Unknown Singers. s. 150. 
  2. Abbott, Lynn (2007). Ragged But Right: Black Travelling Shows, "Coon Songs", and the Dark Pathway to Blues and Jazz. s. 167. ISBN 1578069017. 
  3. McNeil, W. K. (2005). Encyclopedia of American Gospel Music. s. 206. ISBN 0415941792. 
  4. http://www.dead.net/song/nobodys-fault-mine
  5. «ASCAP ACE: Title search». ASCAP. http://www.ascap.com/ace/search.cfm?requesttimeout=300&mode=results&searchstr=440088148&search_in=i&search_type=exact&search_det=t,s,w,p,b,v&results_pp=20&start=1. Henta 26. mars 2011. 
  6. Welch, Chris (2005). Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song (2nd ed.). London: Omnibus Press. s. 73. ISBN 1-56025-818-7. 
  7. Shadwick, Keith (2005). Led Zeppelin: The Story of a Band and Their Music 1968-1980 (1st ed.). San Francisco: Backbeat Books. s. 244. ISBN 0879308710. 
  8. The Playlist Special: Fifty Artists Pick Their Personal Top 10s. Rolling Stone. Henta 26. mars 2011.
  9. Lewis, Dave (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]