Noctis Labyrinthus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Viking 1-bilete av Noctis Labyrinthus
Del av Noctis Labyrinthus fotografert av Mars Express

Noctis Labyrinthus (latin for Nattlabyrinten) er ein region med dalar, sprekkar og platå vest for MarinerdalaneMars.

Noctis Labyrinthus vart truleg danna medan Tarsis-platået voks. Platået bolna ut, og dette sleit i marsyta til ho brast fleire stader. Heile nettverket av forkastingsgrøfter og sprekkar spenner ut eit område på kring 1 200 kilometer.

Nord for Noctis Labyrinthus ligg Noctis Fossae, og i sør grensar området til Syria Planum.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kart hjå Gazetteer of Planetary Nomenclature (kartbladet «MC-17 Phoenicis Lacus»)