Nocturne av Secret Garden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Nocturne»
Song av Secret Garden
Land Noreg
Språk Norsk, engelsk
Utgjeve 1995
Innspelt MajorStudio (Oslo), Reykjavík og Dublin (1995)
Sjanger folkemusikk, keltisk musikk, new age-musikk
Lengd 03:02
Selskap Mercury[1]
Låtskrivar(ar) Rolf Løvland og Petter Skavlan

«Nocturne» er ein norsk song som vann Melodi Grand Prix 1995 og deretter Eurovision Song Contest same år. Songen er nesten heilt instrumental og har ei kort tekst på berre 24 ord. Melodien vart komponert av Rolf Løvland, medan Petter Skavlan skreiv teksta. Songen vart framført av duoen Secret Garden og fekk ein viss kommersiell suksess etter sigeren. I Noreg kom songen aldri inn på VG-lista, men gjorde suksess som ein del av albumet Songs from a Secret Garden som toppa VG-lista same året.

Melodi Grand Prix[endre | endre wikiteksten]

NRK spesialinviterte Rolf Løvland til å levere inn ein song til Melodi Grand Prix 1995. Til slutt valde Løvland å sende inn «Nocturne», ein låt som var skriven til det fyrste albumet til Secret Garden. Det var dimed aldri meininga at songen skulle vere med i Melodi Grand Prix. «Det var helt tilfeldig at produsenten for Melodi Grand Prix fikk høre låten. Han mente 'Nocturne' var noe annerledes og nytt, og trodde den hadde et stort potensial i konkurransen. Til slutt lot jeg meg overtale» sa Løvland til NRK i 2015.[2]

Nocturne var nesten heilt instrumental, med to korte vers på til saman 24 ord. Trass den utradisjonelle stilen vann «Nocturne» Melodi Grand PrixNRK Marienlyst laurdag 1. april 1995.

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Skepsisen var til stades også i forkant av den internasjonale finalen i Dublin 13. mai 1995. Blant anna meinte svenskane at «Nocturne» ikkje var nokon song. Han fekk heller inkje poeng frå den svenske juryen, men vann likevel Eurovision Song Contest med 148 poeng. Dette var den andre sigeren til Noreg i Eurovision Song Contest.[3][4]

Secret Garden bestod av [olf Løvland og den irske musikaren Fionnuala Sherry. Både i den norske og internasjonale finalen var duoen forsterka med songaren Gunnhild Tvinnereim, kjend frå Oslo Gospel Choir, fløytespelaren Hans Fredrik Jacobsen og den svenske nøkkelharpespelaren Åsa Jinder med på scena.

Om songen[endre | endre wikiteksten]

Teksta til songen består av berre 24 ord, og mykje av songen vert utgjord av instrumentalparti for fiolin av Fionnuala Sherry. Teksta går som følgjer:

« La dagen få sin hvile nå
Og natten vil våke for den
Nocturne

Se mørket må engang forgå
Så natten kan føde en dag
Petter Skavlan: «Nocturne»[5]
»

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

«Nocturne» vart utgjeven på singel og var òg på albumet Songs from a Secret Garden, utgjeve i 1995. Countryhumor-gruppa Dusty Cowshit gav ut ein humoristisk versjon av songen i 1996.

Shrek-versjon (2001)[endre | endre wikiteksten]

Melodien til «Nocturne» har truleg òg vore inspirasjonskjelde til songen «Fairytale». Denne songen var ein del av lydsporet til den fyrste Shrek-filmen i 2001, der Harry Gregson-Williams og John Powell var oppførte som låtskrivarar. Songen var òg med på albumet Shrek: Original Motion Picture Score, utgjeve 4. desember 2001.[6][7][8]

Seinare[endre | endre wikiteksten]

Secret Garden gav ut ein ny versjon med ny tekst på albumet Inside I'm Singing i 2007, med Anne Takle på vokal.

Ved framsyningar etter rundt 2015 er den opphavlege vokalisten Gunnhild Tvinnereim vorte bytte med Cathrine Iversen.

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

«Nocturne» kom aldri inn på VG-lista, men tok seg inn på singellistene i fleire europeiske land – blant anna Sverige som ikkje gav «Nocturne» eit einaste poeng i Eurovision Song Contest.

Liste (1995) Høgaste

plassering

Veker på lista Debutdato
 Flag of Belgium (civil).svg Belgia, Flandern (Ultratop)[9] 6 17 1. juli 1995
 Flag of Belgium (civil).svg Belgia, Vallonia (Ultratop)[10] 24 7 15. juli 1995
 Flag of Ireland.svg Irland (Irish Singles Chart)[11] 7 5 25. mai 1995
 Flag of the Netherlands.svg Nederland (Single Top 100)[12] 20 6 15. juli 1995
 Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia (UK Singles Chart)[13] 90 1 14. oktober 1995
 Flag of Sweden.svg Sverige (Sverigetopplistan)[14] 26 7 23. juni 1995

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Secret Garden ‎– Nocturne». Discogs.com. Henta 25. februar 2017. 
  2. «– Jeg grudde meg til å komme hjem etter seieren med «Nocturne»». nrk.no. 13. mars 2015. Henta 3. januar 2017. 
  3. Østbø, Stein (23. mai 2015). «Eurovision-kommentar: Overlegne Sverige». VG Nett. 
  4. Grythagen og Hauge, Stian og Linus (9. januar 2012). «54 år med fest og moro». ANB/ Oppland Arbeiderblad. smålige 'søta bror' ga Norge null poeng – til tross fra at svenske Åsa Jinder var med i Secret Garden! 
  5. «Nocturne – lyrics». The Diggiloo Thrush. Besøkt 3. januar 2017. 
  6. «Shrek - Fairytale vs. Secret Garden - Nocturne». Youtubedoubler.com. Henta 30. juni 2016. 
  7. «Shrek - Fairytale (extended version)». Youtube.com. Henta 30. juni 2016. 
  8. «Secret Garden - Nocturne». Youtube.com. Henta 30. juni 2016. 
  9. «'Nocturne' på Flanderns singelliste». ultratop.be. Henta 25. februar 2017. 
  10. «'Nocturne' på vallonsk singelliste». ultratop.be. Henta 25. februar 2017. 
  11. «'Nocturne' på den offisielle irske singellista (skriv 'Nocturne' i søkefeltet)». The Irish Charts. Henta 25. februar 2017. 
  12. «'Nocturne' på Nederlands offisielle singelliste». dutchcharts.nl. Henta 25. februar 2017. 
  13. «'Nocturne' på den offisielle britiske singellista». Official Charts Company. Henta 25. februar 2017. 
  14. «'Nocturne' på den offisielle svenske singellista». swedishcharts.com. Henta 25. februar 2017.