Nodul i medisin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Skjoldbruskkjertel med vondarta tyreoideaknutar.

Ein nodul, ofte kalla ved det latinske namnet nodulus (pl. noduli), er ein liten, forhøgja knute fylt med betent vev eller ei blanding av vev og væske. Den kan ligge i eller under huda og har ein diameter på meir enn 0,5 cm.[1] Noduli kan oppstå på sener og musklar som følgje av skade. Dei er oftast godarta og smertelause, men kan somme gonger forstyrre funksjonen i eit organ.

Døme på noduli er røystbandsknutar, giktknutar og tyreoideaknutar.[2][3] Furunklar og Kaposis sarkom er kjend for å valde noduli i huda. Gonoré, ein seksuelt overførbar sjukdom, er kjend for å valde noduli på kjønnsorgan og i munnen.

Ein blautvevslesjon mindre enn 0,5 cm (og opptil 1 cm) blir gjerne kalla ein papel.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «nodulus». Store medisinske leksikon. Henta 8. mars 2016. 
  2. «stemmebåndsknuter/sangerknuter». Statlig spesialpedagogisk tjeneste (Statped). Henta 8. mars 2016. 
  3. «giktknuter». Store medisinske leksikon. Henta 8. mars 2016. 
  4. «papel». Store medisinske leksikon. Henta 8. mars 2016. 
Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.