Noel Valladares

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Noel Valladares
NoelValladares.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Noel Eduardo Valladares Bonilla
Kallenamn Papá Noel
Fødd 3. mai 1977
Fødestad Comayagua
Høgd 179 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Noverande lag
Olimpia
Nummer 27
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1997-04
2005-
Flagget til Honduras Motagua
Flagget til Honduras Olimpia
68 (3)
? (0)
Landslag
2000- Flagget til Honduras Honduras 70 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 8. oktober 2009
‡ Landslagsmål oppdatert 8. oktober 2009

Noel Eduardo Valladares Bonilla (fødd 3. mai 1977) er ein honduransk fotballspelar som spelar som keeper for Olimpia i den honduranske fotballigaen, og for det honduranske landslaget. Han kan òg spela som spiss. Han vart fødd i Comayagua i Comayagua-provinsen.

Den første klubben til Valladares var Motagua i hovudstaden Tegucigalpa, der han var med å vinna ligaen i Honduras. I 2005 gjekk han over til Olimpia, ein annan Tegucigalpa-klubb, der han òg har vore med å vinna fleire titlar og spela i internasjonale turneringar.

Valladares var keeper på det honduranske ungdomslandslaget som kvalifiserte seg til og deltok i sommar-OL 2000 i Sydney. Han var keeper på det honduranske A-landslaget under kvalifiseringsspelet til fotball-VM i 2002 og 2006, då Honduras ikkje kvalifiserte seg, og igjen under kvalifiseringa til fotball-VM i 2006, då Honduras kvalifiserte seg til å delta for første gong sidan 1982.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen vart starta basert på stoff frå spansk wikipedia 12. mars 2010.