Noginsk
| Noginsk | |||
| Ногинск | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Føderasjonssubjekt | Moskva oblast | ||
| Høgd | 150 m | ||
| Areal | 52,09 km² | ||
| Folketal | 102 392 (2024) | ||
| Først nemnd i | 1389 | ||
| • Bystatus | 1781 | ||
| Postnummer | 142400 | ||
| Retningsnummer | (+7) 49651 | ||
![]() Noginsk 55°51′00″N 38°26′00″E / 55.85°N 38.433333333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Noginsk | |||
Noginsk (russisk Ногинск) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 100 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 30 km aust for Moskva.
Byen vart første gong nemnt i 1389 som Rogozji. Han vart seinare nemnt med namnet Bogorodsk i eit dekret frå Katarina den store frå rundt 1781. Han fekk namnet Noginsk i 1930, kalla opp etter den kommunistiske tekstilmannen Viktor Nogin. Enkelte selskap i byen, som til dømes Bogorodsk Bryggeri[1] og Bogorodskavtotrans (lokalt transportselskap), nyttar framleis namnet Bogorodsk.
Gjennom hele 1800-talet og ein stor del av 1900-talet var byen eit stort tekstilsenter, som handsama bomull, silke og ull. Industriproduksjon i byen i dag er konsentrert om keramiske material (to større selskap), matvarer (ein fiskefabrikk), drikkevarer (ein av dei største største produsent av leskedrikkar i Russland ligg nær Noginsk) og byggematerial.
Noginsk er eit transportknutepunkt og ligg ved knutepunktet mellom motorvegen til Nizjnij Novgorod (M7/E22) og ein av ringvegane til Moskva. Bygginga av ein ny bompengefinansiert motorveg inn mot Moskva er no i gang. Den nye vegen vil gå sør for den noverande, mellom Nizjnij Novgorod-vegen og Nosovikhinskoje-vegen og vil gje ei estimert reisetid til Moskva på 20 minutt.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Bogorodskaja Pivovarnja (på russisk)
- ↑ Ny Noginsk motorveg (på russisk), arkivert frå originalen 31. desember 2007, henta 7. januar 2009
- Denne artikkelen bygger på «Noginsk» frå Wikipedia på bokmål, den 7. januar 2009.
