Nokon kjem til å komme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Nokon kjem til å komme er eit skodespel av den norske forfattaren Jon Fosse, utgjeve i 1996. Stykket var det første Fosse skreiv,[1] hausten 1992 og vinteren 1993, men blei korkje utgjeve eller oppført før i 1996, då som det tredje av stykkja hans; etter Og aldri skal vi skiljast (1994) og Namnet (1995). Nokon kjem til å komme hadde urpremiere på Det norske Teatret i 1996 og blei utgjeve av Samlaget same året.

Handlinga i stykkjet er, som i dei fleste av Fosse, knytt til et nokre fåe personar, med vage personkarakteristikkar. Stykkjet opnar med at Ho og Han, som begge er «halvmiddelaldrende»[2] kjem til eit gammalt hus ved havet, som dei har kjøpt og ønskjer å busetje seg i, for å realisere forholdet sitt. Kort tid etter at dei er komne får paret vitjing av Mannen, ein eldre, einsleg mann som både er nabo og den som har seld huset til dei. Mannen er i og for seg harmlaus, men paret sin potensielle uro og engsting blir projisert mot han, og gjer han til «en katalysator for kjærlighet, død og seksualitet».[3] Stykket har ein open slutt, kvar det framleis er usikkert om forholdet mellom Ho og Han kan reddast.

Ulike oppsetningar har presentert stykket som ein psykothriller,[4] som eit stykkje om angst, eller som eit stykkje om erotikk.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hovudkjelde for artikkelen er Therese Bjørneboe sin artikkel om stykkjet i artikkelsamlinga Norsk litterær kanon. Cappelen Damm, 2008. ISBN 978-82-04-13826-2.
  2. Bjørneboe omtalar begge som halvmiddelaldrande, medan Leif Zern, i boka Det lysande mørket, om Jon Fosses dramatikk (Samlaget, 2005; s 43) omtalar paret som ein middelaldrande mann og ei yngre kvinne
  3. sitat fra Bjørneboe
  4. Runar HodneNationaltheatret i 2001, ifølgje Bjørneboe
  5. Eirik StubøSvenska Riksteatern i 2002, igjen ifølgje Bjørneboe