Nokre Salmar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fyrsteutgåva av Nokre salmar kom som tre anonyme hefte i perioden 1869-75
Både fyrste- og andreutgåva av Nokre salmar utkom anonymt

Nokre salmar var den fyrste nynorske salmesamlinga, utgjeven anonymt av Elias Blix. Ho vart først utgjeven som hefte, det fyste kom i 1869, dei neste i 1870 og 1875, og sidan auka i 1883 (Det norske Samlaget). 4. mars 1892 vart Nokre Salmar autorisert til bruk ved den offentlege gudstenesta, og desse landsmålssalmane vart trykte bak i Landstads kirkesalmebog som nr 635–784.

I 1908 vart Tekstbok og Altarbok for Den norske kyrkja i Peter Hognestad si omsetjing autoriserte for offentleg bruk. Med denne boka vart Litaniet og preikestolversa òg autoriserte, og i seinare opplag vart dei lagt til i dette såkalla Blix-tillegget som nr 785 til 791.

Dei fyrste kyrkjelydane som nytta retten til å syngje Blix-salmane i gudstenesta, var Ranum og Skage i Overhalla i Namdal prosti; dei gjorde det alt i 1892. I 1901 hadde 76 kykjelydar gjort det same, i 1914 366 og i 1926 meir enn 500. Mange stader vart det strid om Blix-tillegget. Etter resolusjonen av 1892 var det høve for eit fleirtal i kyrkjelyden å nekte bruk av Blix-tillegget. I 1926 vart det ved kongeleg resolusjon vedteke at dei som nytta Hauges og Landstads salmebøker også skulle bruke salmane i Nokre salmar. Men då var allereide Landstads reviderte salmebok og Nynorsk salmebok autoriserte for bruk i dei kyrkjelydane som gjorde vedtak om det.

Dei fyrste utgåvene[endre | endre wikiteksten]

  • Hefte I kom i 1869 og inneheldt 13 salmar, av dei 4 nyskrivne og 9 gjendikta.
  • Hefte II kom i 1870 og inneheldt 27 salmar, av dei 10 nyskrivne og 17 gjendikta.
  • Hefte III kom i 1875 og inneheldt 17 salmar, av dei 14 nyskrivne og 3 gjendikta.

Andre utgåva kom i 1883 og hadde 68 salmar, av dei 39 nyskrivne og 29 gjendikta.

Tredjeutgåva vart utgjeven i Bergen i 1887 og hadde same innhaldet som andreutgåva, med den skilnaden at denne var trykt med latinske bokstavar.

Fjerde og femte utgåve, som vart autorisert for kyrkjeleg bruk i 1892, inneheldt 150 salmar. Boka vart òg trykt som eit tillegg til Landstads Kirkesalmebog, då med 157 salmar; dei siste sju var litaniet og preikestolvers.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]