Nokre vener slæst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nokre vener slåst)

«Nokre vener slæst» har blitt ei setning som gjerne blir trekt fram for å vise dei store valmoglegheitene ein har på nynorsk. Setninga kunne før rettskrivingsreforma i 2012 skrivast på 48 forskjellige måtar, med «noen venner slåss» (som svarar til skrivemåten på bokmål) og «nokre vener slæst» som dei to skrivemåtane som skil seg mest frå kvarandre. Etter 2012-rettskrivinga er det berre att åtte ulike måtar å skrive setninga på.

Dei tre orda hadde desse forskjellige tillatne formene:

  • nokon, nokre, noen
  • vener, venner, venar, vennar
  • slåst, slæst, slæss, slåss

Etter 2012-rettskriving er desse formene tillatne:

  • nokon, nokre
  • vener, venner, venar, vennar
  • slåst

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]