Nokturne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein nokturne eller nocturne (frå fransk som tyder nattleg, frå latin nocturnus)[1] er vanlegvis eit musikalsk stykke som er inspirert av, eller gjev ei kjensle av, natta.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet nokturne vart først nytta om musikkstykke på 1700-talet, då det indikerte eit stykke i fleire satsar, normalt spelt for ein kveldsfest og så lagt bort. Stundom hadde dei det italienske namnet notturno, som Wolfgang Amadeus Mozart sine Notturno i D, K.286 og Serenata Notturna, K. 239.[2]

Den noverande forma som eit enkelt karakterstykke, vanlegvis skriven for piano, vart dyrka fram på 1800-talet. Dei første nokturnane skrivne med denne tittelen vart komponerte av den irske komponisten John Field.[3] Den mest kjende eksponenten for musikkforma var Frédéric Chopin, som skreiv 21 av dei. Eit av dei mest kjende stykka frå 1800-talet sin salongmusikk var «Femte Nocturne» av Ignace Leybach. Seinare komponistar som skreiv nokturnar for piano var mellom andre Gabriel Fauré, Alexander Scriabin, Erik Satie (1919), Francis Poulenc (1929) og Peter Sculthorpe.

Nokturnar er ofte rolege, uttrykksfulle og lyriske, og ofte heller dystre, men kan òg vere framført i mange forskjellige stemningar. Dena dnre orkestrale nokturnen til Claude Debussy er til dømes særs livleg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Nocturne Definition from the Free Merriam-webster Dictionary». Merriam-webster.com. http://www.merriam-webster.com/dictionary/nocturne. 
  2. Hubert Unverricht and Cliff Eisen, «Serenade", The New Grove Dictionary of Music and Musikars, second edition, edited by Stanley Sadie and [[John Tyrrell (musicologist)}John Tyrrell]] (London: Macmillan Publishers, 2001).
  3. Brown, Maurice J.E. and Hamilton, Kenneth L. . «Nocturne (i)», Grove Music Online, red. L. Macy (henta 1 September 2012), grovemusic.com (krev medlemskap)