Nomade

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ung nomadekvinne utanfor familieteltet i Mauritania.
Foto: Ji-Elle

Nomade er ei nemning bruk om folkegrupper som flyttar frå stad til stad, utan å ha ein einskild fast bustad. «Nomade» viser gjerne til folk som driv nomadisk husdyrhald, medan «reisande» kan visa til andre folk som stadig flyttar.

Nomadar kan ha vanskar med å tilpassa seg statsgrenser og privateige av land. Likevel finst det i det moderne samfunnet framleis nomadiske folkegrupper, til dømes aboriginar, beduinar, berbarar, tuaregar og samar.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.