Nome i Alaska

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nome
Land  USA
Stat Alaska
Areal 55,992192 km²
Folketal 3 699 (1. april 2020)[1]
Kart
Nome i Alaska
64°30′N 165°24′W / 64.5°N 165.4°W / 64.5; -165.4
Wikimedia Commons: Nome, Alaska

Nome er ein by i Alaska med ca. 3 800 innbyggarar i 2017, dei fleste av dei inuittar.[2]

Byen voks til samband med eit gullrush i 1899–1909.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Velkommen til Nome-skilt i ein modell av ei vaskepanne til gullvasking.

Opphavet til namnet er uklart. Ei forklaring er at det blei gjeve av den norske grunnleggjaren til byen, Jafet Lindeberg.[3]

Ei anna forklaring på namnet Nome er at det stammar frå James Cook, som kartla Beringsundet i 1780-åra. Neset litt nord for den seinare byen hadde ikkje noko namn, og Cook skreiv «Name?» i margen på kartet. Seinare las ein dette som «Nome», og trudde det var namnet på staden.[4]

Ei tredje forklaring på namnet er at det oppstod som ei misforståing av det lokale inupiaqordet for 'Kvar?', Naami.[5]

Byen blei gjeve namnet Anvil City i 1898, men det amerikanske postvesenet meinte namnet var for lett å forveksla med Anvik som ligg i same område.[6]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gate i Nome ca. 1899

Grunnlaget for byen var gullgraving. Nordmannen Jafet Lindeberg fann saman med svenskane Erik Lindblom og John Brynteson gull ved Anvil Creek i 1898. Nyheita om dette spreidde seg raskt, og ein rekna med at i løpet av det første året frå funnet kom det over 10 000 menneske til Nome. Den fyrste folketeljinga var i 1900, då budde det 12 488 menneske der. Hus var mangelvare, og teltbyen strekte seg 48 km langs kysten frå Cape Rodney til Cape Nome.

Under den fyrste verdskrigen drog ein straum av unge menn frå Alaska til skyttargravene i Europa, med følgjande svikt i gullgravinga. Mellom 1916 og 1918 fall produksjonen med to tredelar. Innbyggartalet i Anvil City, gruveleiren i Nome, fall frå rundt 20 000 i 1900 til rundt 850 i 1920.[7]

Spanskesjuka[endre | endre wikiteksten]

Same året blei byen ramma av spanskesjuka. Smitten kom dit med dampskipet «Victoria» i oktober 1920. Fleire passasjar blei sjuke på vegen nordover, og då skipe nådde Nome blei passasjerane nekta å komma i land. Smitten nådde byen likevel, og dei neste dagane blei meir enn 90 % av innbyggarane sjuke. Det gjekk verst ut over inuittane, som ikkje hadde like god immunitet mot influensa som europearar.[8] Av dei 250 inuittane i Nome døydde 200 i løpet av hausten og vinteren.[9] Dei døde blei henta i kjerrer og lempa stivfrosne i haugar, sidan tundraen var botnfrosen. Panikkslagne folk kjempa for å få plass i det siste skipet som forlét Nome for vinteren. Før det rakk ut i rom sjø, var dei fyrste blitt sjuke. Før skipet kom til Seattle, var fire døde og over 150 smitta.[10]

Difteri[endre | endre wikiteksten]

Utdjupande artikkel for dette emnet er Serumløpet til Nome.

I 1925 blei Nome ramma av difteri. Det fanst lækjemiddel i Nenana, 1000 km unna. 20 hundesledespann frakta serumet gjennom villmarka i Alaska på 5 dagar mellom 27. januar og 1. februar. Nordmennene Leonhard Seppala med leiarhunden Togo og Gunnar Kaasen med leiarhunden Balto gjorde ein formidabel innsats. Sledehundløpet Iditarod blir køyrt kvart år til minne om denne bragda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://data.census.gov/cedsci/table?t=Populations%20and%20People&g=0100000US,%241600000&y=2020; vitjingsdato: 1. januar 2022.
  2. Nordlie, Haavard (25. april 2019). «Nome – by i Alaska, USA». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  3. Ken Renkowitz (3 December 2012). «Nome, Alaska». Why Name It That?. Henta 20. april 2022. 
  4. Roy Andersen: Redningsmenn og lykkejegere (s. 154), forlaget Aschehoug, Oslo 2011, ISBN 978-82-03-29194-4
  5. «Iñupiat Eskimo dictionary» (PDF). Alaska Government. Alaska Rural School Project Department of Education. s. 166. Henta 22. februar 2017. 
  6. Sylfest Lomheim om språket, Klassekampen 11. oktober 2018
  7. «Nome | Alaska, United States | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 9. oktober 2022 
  8. https://www.peninsulaclarion.com/news/100-years-ago-spanish-flu-devastated-alaska-native-villages/
  9. «1918 Spanish Influenza Epidemic - AlaskaWeb.org», alaskaweb.org, henta 9. oktober 2022 
  10. Roy Andersen: Redningsmenn og lykkejegere (s. 216-7)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Nome i Alaska