Non ho l'età
| «Non ho l’età» Song av Gigliola Cinquetti | ||
| Land | Italia | |
| Språk | Italiensk | |
| Utgjeve | 1964 | |
| Sjanger | Ballade, pop | |
| Lengd | 03:10 | |
| Selskap | Compagnia Generale Del Disco (CGD)[1] | |
| Komponist | Gene Colonnello, Mario Panzeri, Nicola Salerno | |
| Tekstforfattar | Gene Colonnello, Mario Panzeri | |
| Låtskrivar(ar) | Mario Panzeri, Nicola Salerno | |
|---|---|---|
«Non ho l'età» (norsk omsetjing ‘eg er ikkje gammal nok’), òg kalla «Non ho l'età (per amarti)», er ein italiensk slagerballade som vann Eurovision Song Contest 1964 for Italia.[2] Songen er komponert av Mario Panzeri, medan Nicola Salerno har skrive teksten. Songaren Gigliola Cinquetti framførte han i Sanremo-festivalen og i Eurovision Song Contest. Dette var Italia sin første siger i tevlinga, og songen vart ein stor kommersiell suksess.[3][4]
Songteksten
[endre | endre wikiteksten]«Non ho l'età» går òg under tittelen «Non ho l'età (per amarti)» (norsk ‘eg er ikkje gammal nok til å elske deg’). Teksten fortel om ein lengtande ungdom som så gjerne skulle vore eldre, meir erfaren og moden nok til å kaste seg ut i kjærleiken saman med den ho elskar. Ho er for ung til å elske, for ung til å gå ut åleine med den ho er glad i, og ho veit så lite om livet.[5]
Eurovision Song Contest
[endre | endre wikiteksten]«Non ho l'età» vann den italienske songtevlinga Sanremo-festivalen vinteren 1964, der han vart framført av høvesvis Gigliola Cinquetti og Patricia Carli. Til slutt valde den italienske kringkastaren Rai å la den 16 år gamle Gigliola Cinquetti syngje songen i Eurovision Song Contest i København laurdag 21. mars 1964. I den europeiske finalen var «Non ho l'età» det tolvte bidraget på scena av 16 deltakarar, og etter framføringa fekk Cinquetti trampeklapp og stormande jubel frå publikum i Tivolis Koncertsal.[6]
Røystinga vart ein einaste lang parademarsj for Italia, og «Non ho l'età» leidde heile vegen. Til slutt vann han tevlinga med 49 poeng – nesten tre gonger så mange poeng som andreplassen Storbritannia med 17 poeng. Den norske juryen gav likevel ingen poeng til den italienske songen.[7]
Suksess
[endre | endre wikiteksten]Sjølv om den norske juryen gav songen null poeng, vart «Non ho l'età» ein populær song i Noreg. Han vart liggjande på VG-lista i heile 16 veker, med ein tredjeplass som beste notering.[8][9] Dette var den største italienskspråklege slageren i Noreg sidan Rocco Granata sin «Marina» i 1960, og det vart òg den siste på rundt to tiår.[4][10]
Songen hadde òg betydeleg kommersiell suksess elles i Skandinavia, på kontinentet og for første gong i Storbritannia, der låten låg på singellista i heile 17 veker.[11] Cinquetti spelte dessutan inn songen på fleire språk. På engelsk heitte han «This Is My Prayer», på spansk «No tengo edad», på fransk «Je suis à toi». Ho song han til og med inn på japansk, under tittelen «Yumemiru omoi». Ei rekkje artistar har òg spelt inn eigne versjonar av «Non ho l'età», mellom anna bulgarske Lili Ivanova og Rebecca Pan frå Hongkong.[12][13][14][15]
Listeplasseringar
[endre | endre wikiteksten]| Liste (1964) | Høgaste plassering |
|---|---|
| 1 | |
| 1 | |
| 1 | |
| 1 | |
| 1 | |
| 2 | |
| 3 | |
| 17 | |
| 8 | |
| 3 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Gigliola Cinquetti – Non ho l'età». Discogs. Henta 5. februar 2017.
- ↑ «Eurovision Song Contest 1964». eurovision.tv. Henta 6. februar 2017.
- ↑ «Eurovision Song Contest 1964». eurovision.tv. Henta 6. februar 2017.
- 1 2 Eivind M. Sætre (15. januar 2015). «Gigliola Cinquetti - Non ho l'eta». GV-musikk.no. Arkivert frå originalen 27. oktober 2016. Henta 6. februar 2017.
- ↑ «Non ho l'età – lyrics». The Diggiloo Thrush. Henta 6. februar 2017.
- ↑ «Lydopptak av Cinquettis framføring under Eurovision Song Contest med etterfølgende applaus (tidskode: 48m 50s)». Danmarks Radio/EBU via YouTube. 21. mars 1964. Henta 6. februar 2017.
- ↑ «Eurovision Song Contest 1964 – Scoreboard». eurovision.tv. Henta 6. februar 2017.
- 1 2 «VG-lista for 'Non ho l'età'». VG Nett. Henta 6. februar 2017.
- ↑ «VG-lista for 'Non ho l'età'». VG Nett. Henta 6. februar 2017.
- ↑ «VG-lista for 'Marina'». VG Nett. Henta 6. februar 2017.
- ↑ «Gigliola Cinquetti». UK Official Charts. Henta 6. februar 2017.
- ↑ Thorsson, Leif. Melodifestivalen Genom Tiderna. Premium Publishing, Sweden. 1999 ISBN 91-89136-00-4
- ↑ Rateyourmusic.com, Gigliola Cinquetti, discography entry
- ↑ «Gigliola Cinquetti – – 夢見る想い = Non ho l'età». Discogs. Henta 6. februar 2017.
- ↑ «Gigliola Cinquetti – Luna nel blu». Discogs. Henta 6. februar 2017.
- ↑ «Gigliola Cinquetti – Non ho l'età». dutchcharts.nl. Henta 6. februar 2017.
- ↑ «Gigliola Cinquetti – Non ho l'età». dutchcharts.nl. Henta 6. februar 2017.
- ↑ «Non ho l'età». danskehitlister.dk. Henta 15. juli 2018.
- ↑ «Tout les Titres par Artiste – C» (på fransk). Infodisc.fr. Arkivert frå originalen 17. februar 2014. Henta 6. februar 2017. «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 17. februar 2014. Henta 6. februar 2017. Velg Gigliola CINQUETTI fra rullemenyen og trykk OK.
- ↑ Christian Calabrese. «Settimana 2 Maggio 1964 ( da Musica & Dischi )». Hit Parade Italia. Henta 6. februar 2017.
- ↑ «Gigliola Cinquetti – Non ho l'età». dutchcharts.nl. Henta 6. februar 2017.
- ↑ «Gigliola Cinquetti». UK Official Charts. Henta 6. februar 2017.
- ↑ «Scannede Kvällstoppen-lister 1962–1965 (pdf)» (PDF). Hits aller tijden. Henta 18. februar 2017.
- ↑ «Gigliola Cinquetti – Non ho l'età». dutchcharts.nl. Henta 6. februar 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Non ho l’età» frå Wikipedia på bokmål, den 13. februar 2026.