Hopp til innhald

Nona Gaprindashvili

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nona Gaprindashvili

StatsborgarskapGeorgia, Sovjetunionen
Fødd3. mai 1941 (84 år)
Språkrussisk
Nona Gaprindashvili på Commons

Nona Gaprindashvili[a] (fødd 3. mai 1941) er ein georgisk sjakkstormeister. Ho var verdsmeister i sjakk for kvinner frå 1962 til 1978. I 1978 var ho den fyrste kvinna nokonsinne som blei tildelt FIDE-tittelen stormeister. Gaprindashvili er kjend for den aggressive spelestilen sin, og er blitt anerkjend med innføring i World Chess Hall of Fame i 2013 og den georgiske Presidentens orden for utmerka innsats i 2015.

Gaprindashvili byrja å spele sjakk då ho var fem år gammal. Ho flytta til Tbilisi for å trene under stormeistrar i 1954. I 1962 blei ho verdsmeister i sjakk for kvinner med ein knapp siger mot den regjerande meisteren Jelisaveta Bykova. Etter dette mottok ho vid anerkjenning over heile Georgia. Ho forsvarte tittelen sin fire gongar: tre gongar mot Alla Kusjnir og ein gong mot Nana Alexandria. Ho mista tittelen til Maja Tsjiburdanidze etter eit knepent tap i 1978. Gaprindashvili deltok i fleire herreturneringar i løpet av karrieren, blant anna ei deltaking i Lone Pine International som gav ho tittelen stormeister. Ho konkurrerte seinare regelmessig i verdsmeisterskapen for seniorar for kvinner.

I tillegg til karrieren som sjakkspelar var Gaprindashvili aktiv i georgisk politikk. Ho var medlem av Den øvste sovjetet i Den georgiske sosialistiske sovjetrepublikken, var president for den georgiske nasjonale olympiske komitéen, og var medlem av folkeforsamlingsgruppa som organiserte protestane i Georgia i 2011. I 2021 anla Gaprindashvili eit ærekrenkingssøksmål mot Netflix etter at dei feilaktig skildra ho i serien The Queen's Gambit som å aldri ha konkurrert mot menn. Netflix inngjekk forlik i 2022.

Tidleg liv

[endre | endre wikiteksten]

Nona Gaprindashvili blei fødd i Zugdidi i 1941. Ho var den yngste av seks barn, og den einaste jenta.[1] Familien hennar var svært atletiske, og barna i nabolaget samla seg ofte heime hos Gaprindashvili for å spele bordtennis, biljard og fotball. Gaprindashvili blei ofte sett til å vere målvakt under fotballkampane fordi ho var jente.[2] Ho lærte å spele sjakk av faren sin då ho var fem år gammal, og av å sjå broren spele.[2]

Då Gaprindashvili var elleve-tolv år var ho med broren sin på ei sjakkturnering, og då han ikkje var i stand til å spele, spelte ho for han.[2] Under turneringa blei ho lagd merke til av sjakktrenaren Vakhtang Karseladzé.

I 1954 flytta Gaprindashvili til tanta si i Tbilisi, der ho fekk trene med sjakkstormeistrar.[2]

I 1956, som fjortenåring, vann ho semifinalen i sovjetmeisterskapen i sjakk for kvinner.[2]

Verdsmeister og stormeister

[endre | endre wikiteksten]

Gaprindashvili vann kandidatturneringa i 1961, noko som kvalifiserte ho til å utfordre den regjerande kvinnelege verdsmeisteren i sjakk Jelisaveta Bykova.[1] Favorittfotballaget til Gaprindashvili, Dinamo Tbilisi, deltok på kampen som tilskodarar for å støtte ho.[2] I 1962 vann Gaprindashvili mot Bykova med ein overlegen siger, med sine ni poeng mot Bykova sine to.[1] Spelet blei utsett for å bli attoppteke morgonen etter, men Bykova gav seg over ein telefonsamtale seinare same kveld.[2]

Etter sigeren blei Gaprindashvili ein kjendis i Georgia, og folkemengder samla seg for å møte ho då ho kom tilbake frå VM-kampen. Den kvinnelege stormeisteren Jennifer Shahade skildra Gaprindashvili som eit symbol på georgisk nasjonalisme og forteneste under tida til landet som ein konstituerande republikk av Sovjetunionen. Sigeren hennar markerte byrjinga på ein «kvinnesjakkrevolusjon» i Georgia.[1] Den kvinnelege stormeisteren {{ikkjeraud|Rusudan Goletiani]] sa at dette gjekk endå lenger med at suksessen hennar bidrog til å inspirere ein breiare «intellektuell revolusjon» hos georgiske kvinner.[3] Mange kvinner tok opp sjakk, og Georgia blei eit av dei leiande landa innan kvinnesjakk. Det har produsert ei rekkje meistrar i løpet av karrieren til Gaprindashvili.[1]

Gaprindashvili klarte å forsvare tittelen sin tre gongar mot den sovjetiske spelaren Alla Kusjnir. I 1975 blei Gaprindashvili utfordra av den georgiske spelaren Nana Alexandria. Konkurransen mellom dei to georgiarane blei følgd nøye i heimlandet, og Gaprindashvili vann med 8,5 poeng mot Alexandria sine 3,5.[1]

I løpet av karrieren konkurrerte Gaprindashvili med stor suksess i turneringar som tradisjonelt blei spelte av menn, og vann blant anna Hastings Challengers-turneringa i 1963/64.[4] Ho enda på delt andreplass i Sandomierz i 1976,[5][6] delt fyrsteplass ved Lone Pine International i 1977,[7] og delt andreplass ved Dortmund-turneringa i sjakk i 1978.[8][9] Deltakinga hennar i Lone Pine gjorde ho til den fyrste kvinna nokonsinne som fekk ein stormeisternorm.[10] Prestasjonane hennar ved Sandomierz og Dortmund oppnådde ikkje stormesternormar, noko som ville bidrege til at ho hadde fått ein stormeistertittel. Ho mangla eit halvt poeng i kvart tilfelle.[11][12] På møtet til FIDE-kongressen i 1978 blei Gaprindashvili tildelt tittelen stormeister, sjølv om det normale kravet var tre normar over totalt 24 kampar.[1] Ho ser sjølv prestasjonen hennar i Lone Pine-turneringa og den påfølgjande tildeling av stormeistertittelen som dei største prestasjonane sine i sjakk.[2]

Same år ble Gaprindashvili utfordra for tittelen som verdsmeister av ein annan georgisk spelar, Maja Tsjiburdanidze, som då var berre sytten år gammal. Dei tre fyrste partia enda i remis. Tsjiburdanidze vann deretter tre parti på rad, etterfølgde av to sigrar for Gaprindashvili. Det siste partiet avgjorde då kven som skulle vinne meisterskapen, og partiet blei vunne av Tsjiburdanidze. Gaprindashvili mista dimed tittelen som verdsmeister.[1]

Seinare karriere

[endre | endre wikiteksten]
Gaprindashvili i 1995

Gaprindashvili spelte for Sovjetunionen i Sjakk-OL for kvinner i 1963, 1966, 1969, 1972, 1974, 1978, 1980, 1982, 1984, 1986, 1990, og for Georgia i 1992.[13] Ho var ein av spelarane på det sovjetiske laget som dominerte kvinneolympiadane på 1980-talet. Ho vann totalt 25 medaljar, inkludert elleve laggull og ni individuelle gullmedaljar.[14] Under sjakk OL i 1986 i Dubai vann ho alle dei ti kampane ho spelte.[13] Gaprindashvili vann Sovjetmeisterskapen i sjakk for kvinner fem gongar: i 1964, 1973/74, 1981, 1983 og 1985.[15] Ho oppnådde si høgaste FIDE-rating på 2495 i juli 1987.[16] Gaprindashvili fortsette som trenar for unge kvinnelege sjakkspelarar, blant dei Ana Matnadze og Tea Lanchava.[1] Sidan 2022 har ho åtte sigrar i verdsmeisterskapen for seniorar for kvinnar, som er ein sjakkmeisterskap for kvinnelege spelarar over 65 år.[17]

Utanom sjakk var Gaprindashvili også aktiv politisk, og var medlem av Det øvste sovjetet i Den georgiske sosialistiske sovjetrepublikken. Ho blei deretter president for den georgiske nasjonale olympiske komitéen frå 1989 til 1996.

Gaprindashvili var aktiv i protestane mot president Eduard Sjevardnadse i 2002. [18] Ho var då blant dei leiande medlemmane av Folkeforsamlinga, som var ei politisk opposisjonsrørsle som protesterte mot presidentskapet til Mikheil Saakasjvili. Ho og folkeforsamlinga var involverte i dei georgiske protestane i 2011.[2][19]

I 2005, i ein alder av 64, vann Gaprindashvili BDO-sjakkturneringa i Haarlem i Nederland med ein poengsum på 6,5 av 10 poeng og ei rating på 2510.[20]

I 2020 dukka Gaprindashvili opp i dokumentaren Glory to the Queen, saman med Nana Alexandria, Maja Tsjiburdanidze[21] og Nana Ioseliani[22].[23]

I 2020 kom Netflix-serien The Queen's Gambit, der delar av handlinga var inspirert av livet til Gaprindashvili.[24] Då serien blei gjeven ut, var Gaprindashvili den einaste verkelege sjakkspelaren som blei nemnd i serien. Serien skildra ho feilaktig som ein kvinnesjakkspelar som aldri hadde konkurrert mot menn.[1] Den 16. september 2021 sende Gaprindashvili eit søksmål mot Netflix på 5 millionar dollar for misvisande opplysningar, krenking av personvernet og ærekrenking.[25] I september 2022 inngjekk Netflix eit forlik med Gaprindashvili.[26]

Spelestil og filosofi

[endre | endre wikiteksten]

Gaprindashvili var kjend for konkurranseevna si og den aggressive spelestilen sin.[1] Etter sigeren hennar over Bykova i 1962 blei det vanleg for unge kvinnelege sjakkspelarar å etterlikne stilen til Gaprindashvili med aggressivt og teknisk spel.[10] Som barn hadde Gaprindashvili eit rykte for å handtere tap dårleg,[1] og ho har uttrykt takksemd for at skilsdomdommare ikkje har ei vesentleg rolle i sjakk, etter å ha sett problem med det i andre idrettar.[2] Gaprindashvili har sagt at ho ikkje likar å samanlikne sjakkspelarar, siden ho ser på kvar sjakkspelar som unike spelarar, i staden for ei samansetjing av enkeltfaktorar som kan samanliknast. Blant dei ho ser på som gode sjakkspelarar, har ho lista opp Bobby Fischer, Mikhail Tal og Paul Morphy.[2]

Utmerkingar og prisar

[endre | endre wikiteksten]

Gaprindashvili blei tildelt Presidentens orden for utmerka innsats i 2015 av den georgiske presidenten Giorgi Margvelasjvili for «hennar eineståande bidrag til landet og nasjonen» og «representasjon av Georgia på internasjonalt nivå».[27]

I 2013 blei Gaprindashvili innlemma i World Chess Hall of Fame.[28]

Sjakkpalasset i Tbilisi er dedikert til Gaprindashvili.[29] Byen Zugdidi har sett opp ein statue til ære for henne.[3] På 60-årsdagen hennar gav den georgiske regjeringa ho to bilar.[3]

I 2016 gav FIDE-president Kirsan Iljumzjinov Gaprindashvili ein replika av Caïssa, i form av ei sjakkdronning, laga av Lobortas Classic Jewelry House.[30]

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  1. Georgisk ნონა გაფრინდაშვილი
  1. 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 Shahade 2022, Chapter 3.
  2. 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 Sakelsek, Tadej. «Gaprindashvili: "I am very thankful that chess was my sport of choice"». Henta 3. oktober 2023.
  3. 1 2 3 Shahade 2022, Chapter 4.
  4. Barden, Leonard (1964). NonaTalks (PDF). Chess Life.
  5. O'Connell (red.). FIDEChess Yearbook 1976/7. Batsford. s. 83. ISBN 9780713406757.
  6. SovietLife (på engelsk). Embassy of the Union of the Soviet Socialist Republics in the USA. 1980.
  7. Kashdan, Isaac (1977). LonePine 1977 (PDF). Chess Life.
  8. Keene, Ray (1978). VI Dortmund International Tournament. British Chess Magazine.
  9. Golemba, Beverly E. Lesser-known Women. Lynne Rienner Publishers. ISBN 9781685856069.
  10. 1 2 Soltis 2014.
  11. Benko, Pal (1979). Chiburdanidze vs. Gaprindashvili, Match of the Century. Chess Life & Review.
  12. Graham, John (1987). Womenin Chess: Players of the Modern Age. McFarland. ISBN 9780899502328.
  13. 1 2 «OlimpBase:: Women's Chess Olympiads :: Nona Gaprindashvili».
  14. «Orderof Excellence to Nona Gaprindashvili». FIDE. Arkivert frå originalen 13. november 2016. Henta 29. desember 2015.
  15. Anatoly Karpov, red. (1990). Шахматы. Энциклопедический Словарь (på russisk). Sovetskaya Entsiklopediya. s. 77. ISBN 5-85270-005-3.
  16. «FIDErating history :: Gaprindashvili, Nona». Henta 4. oktober 2023.
  17. «Georgianchess legend Nona Gaprindashvili wins her 8th World Senior Chess Championship». Henta 21. september 2023.
  18. Sakelsek, Tadej. «Gaprindashvili: "I am very thankful that chess was my sport of choice"». Henta 3. oktober 2023.
  19. «Georgia Protests: One Demonstration, With Many Interpretations» (på engelsk). Radio Free Europe/Radio Liberty. 24. mai 2011. Henta 21. september 2023.
  20. Agterdenbos, Frits (10. september 2005). «NonaGaprindashvili wins BDO Chess Tournament Haarlem». Chess News. Henta 22. oktober 2018.
  21. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  22. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  23. «"Glory to the Queen": A Tribute to the Georgian Queens of Chess». Henta 3. oktober 2023.
  24. Bilen, Eren; Matros, Alexander. «Superstar Effect». Encyclopedia of Heroism Studies. Springer. ISBN 978-3-031-17125-3.
  25. Stevens, Matt (16. september 2021). «A Chess Pioneer Sues, Saying She Was Slighted in 'The Queen's Gambit'». The New York Times. Henta 2. februar 2022.
  26. «NetflixSettles 'Queen's Gambit' Defamation Suit Brought by Georgian Chess Grandmaster».
  27. «Orderof Excellence to Nona Gaprindashvili». FIDE. Arkivert frå originalen 13. november 2016. Henta 29. desember 2015.
  28. «NonaGaprindashvili». World Chess Hall of Fame (på engelsk). 23. mars 2017. Henta 17. mars 2024.
  29. «TbilisiChess Palace and Alpine Club». Architectuul. Henta 17. mars 2024.
  30. «NonaGaprindashvili Earns the World Chess Champion Title Once Again». Arkivert frå originalen 3. desember 2019.