Nora Mørk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nora Mørk


Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. april 1991 (33 år)
Oslo
Idrett handball
Tok del i

Handball under Sommar-OL 2016 – Kvinner, Handball under Sommar-OL 2020 – Kvinner

Nora Mørk (fødd 5. april 1991) er ein norsk handballspelar frå Oslo som frå sommaren 2022 spelar på den danske toppklubben Esbjerg.[1] Sidan 2013 har den venstrehendte rykkrom-spelaren vore den fremste angrepskrafta i det norske landslaget. Mørk vart europameister i 2010, 2014, 2016 og 2018, verdsmeister i 2015, 2021 og ho vann OL-bronse i 2016. Ho har elles vore med på å vinne EHF-meisterligaen med så vel ungarske Györi ETO som norske IK Våg, mediakjend som Vipers.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Talentfulle Mørk spelte på Bækkelagets Sportsklub i 2007 og -08, bortsett frå ei kort tid i danske Aalborg. Sesongen 2008/09 var ho aktiv i Oslo-laget Njård IL. Sommaren 2009 melde ho overgang til Noregs beste handballag på kvinnesida, Larvik HK. Gjennom sju sesongar i Larvik vann ho ei mengd norske seriemeister-titlar og NM-finalar, trass i fleire skadeavbrot i nokre av dei fyrste sesongane. Sommaren 2016 vart ho overført til ungarske Györi ETO.

Mørk debuterte på det norske landslaget den 21. september 2010 mot Romania og tok del i handball-EM 2010. Ho til dels imponerte i debutmeisterskapen, og frå sin plass som høgre kantspelar skåra ho 23 mål og var mykje delaktig i at Noreg triumferte. Langvarige kneskadar sette henne utanfor meisterskaps-turneringane dei neste to åra. I verdsmeisterskapen 2013 var ho Noregs toppskårar med sine 30 mål. Året etter var ho sentral på det norske laget som vann EM 2014. Ho kom då med i meisterrekka (All Star Team) som beste høgre rykkrom-spelar, og var med sine 41 mål atter norsk toppskårar. Under handball-VM 2015 vart ho verdsmeister og kom på ny med i meisterrekka som beste høgre rykkrom-spelar. Mørk var suveren toppskårar med 62 nettkjenningar i handballturneringa under Sommar-OL 2016, der Noreg vann bronse.

Merittar landslag[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bryhn, Rolf; Aune, Thomas (21. april 2023). «Nora Mørk». Store norske leksikon (på norsk).