Norad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


Norad - Direktoratet for utviklingssamarbeid[1] er eit norsk statleg direktorat for utviklingssamarbeid. Direktoratet er ein fagetat som ligg under Utanriksdepartementet.[1] I saker som gjeld Noregs klima- og skogsatsing, er Norad underlagt Klima- og miljødepartementet. Noradgjev faglege råd til dei som yter bistand og sørgjer for at den norske bistanden kvalitetssikres og evaluerast, og at resultata vert kommunisert til den norske offentligheten. Norad forvaltar statlege middel som vert kanalisert gjennom norske frivillige organisasjonar, internasjonale organisasjonar, forsking og næringsliv for utviklingsføremål.

I 2014 gav Noreg 31,7 milliardar norske kroner i bistand. Det utgjorde 0,99 prosent av Noregs bruttonasjonalinntekt. Afghanistan var då det landet som fekk mest norsk bistand. Noreg og fire andre medlemsland i [[OECD{s utviklingskomité oppfylte i 2014 SNs mål om å bruka minst 0,7 prosent av bruttonasjonalinntekt (BNI) på bistand.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Norsk statleg utviklingssamarbeid byrja med at Stortinget grunnla Fondet for hjelp til underutvikla land i juni 1952, òg kalla Indiafondet. Gjennom den første bilaterale bistandsavtala, som vart underskrive mellom Noreg, India og SN, støtta Noreg helsearbeid og skipa Fiskeriprosjektet i Kerala.

På byrjinga av 1960-talet vart det vedteke å auka Noregs samla utviklingshjelp, som etter kvart vart utvida til å omfatta land i Afrika og andre land i Asia. I 1962 vart Fondet for hjelp til underutvikla land endra til Norsk Utviklingshjelp, som skulle vera ein frittståande statleg institusjon med eige styre.

I 1968 vart NORAD (Norwegian Agency for Development Cooperation) oppretta som eit frittståande direktorat under Utenriksdepartementet, med instruks om å «trekkja opp planar for anvendelse av Noregs samla offentlege bistand til utviklingslanda og for samordning av denne bistanden». Forvaltinga av norsk bistand var delt mellom Utenriksdepartementet (UD) og Norad. Direktoratet hadde ansvaret for den langsiktige bilaterale bistanden, medan UD hadde ansvar for å forvalta den multilaterale bistanden via internasjonale organisasjonar som SN, Verdsbanken, Det internasjonale pengefondet og dessutan nødhjelp og humanitær bistand.

I perioden 1984-89 var direktoratet ein del av Departementet for utviklingshjelp (DUH), deretter frittståande direktorat underlagt UD 1989-2004. Frå 2004 vart ansvaret for alle ambassadar med bistandsoppgåver flytta frå Norad til UD, som òg overtok forvaltinga av stat-til-stat samarbeidde. Norad vart omgjort til ein fagetat som fokuserer på oppgåver knytt til rådgiving, tilskottsforvalting, kvalitetssikring, kommunikasjon og evaluering av norsk bistand.[2]

Arbeidsoppgåver[endre | endre wikiteksten]

I tråd med Instruks for Direktoratet for utviklingssamarbeid vert Norad fokusert på bistands- og utviklingssamarbeid med fem hovudoppgåver. Bistandsfaglig rådgivning, kvalitetssikring og kontroll, tilskottsordningar, kommunikasjon og evalueringer.

Bistandsfaglig rådgivning vert UD's og utenriksstasjonanes qnsvar. Norske utanrikspolitiske og utviklingspolitiske føringar ligg til grunn for Norads arbeid. Rådgivingen er basert på bistandsfaglig ekspertise som sit i fagavdelingene. Norad legg vekt på å forstå samanhengen bistanden skal verka i. Dette omfattar politiske, økonomiske og sosiale tilhøve i samarbeidslanda.

Kvalitetssikring og kontroll av bistandsforvaltinga er ein av Norads hovudoppgåver. Direktoratet og UD har utarbeidd ei rekkje manualer og støttehandbøker som skildrar prinsipp, prosedyrar, metodar og retningslinjer for kvalitetssikring og risikohansaming, som skal sikra at bistanden vert forvalta i tråd med vedtekne retningslinjar for statleg økonomistyring, og for å oppnå ynskte resultat. Norad gjer årleg rundt ti forvaltingsgjennomgangar på Noregs bistandsambassadar. UD pålegg Norad å ha eit generelt resultatfokus i sin faglege rådgivning. For å bidra til dette resultatarbeidet oppretta Norad i 2011 ein statistikkportal.[3]

Tilskottsordningar[endre | endre wikiteksten]

Norad samarbeider både med frivillige organisasjonar, næringsliv og til utdannings- og forskingsinstitusjonar. Det meste av dette samarbeidet er organisert gjennom ulike tilskottsordningar.[4]

Informasjonsstøtta[endre | endre wikiteksten]

NORADs støtteordning for informasjon om nord/sør- og utviklingsspørsmål byggjer på den norske folkeopplysningstradisjonen. Det tyder at opplysningsarbeidet har som målsetning å:

  • Nå breitt ut i samfunnet, både geografisk og sosialt
  • Leggja til rette for å stimulera til engasjement, aktiv handling og deltaking i demokratiske prosessar
  • Utformast slik at ulike målgruppers tilegnelse av kunnskap og innsikt i størst mogleg grad skjer gjennom refleksjon, kritisk debatt, dialog og læring.

Norsk bistands- og utviklingspolitikk[endre | endre wikiteksten]

Det overordna målet for den norske utviklingspolitikken er å redusera fattigdom og framme menneskerettar. Difor støttar Noreg SNs tusenårsmål. Dette er den tverrpolitiske semja om i Noreg. Dei politiske partia har likevel ulike meiningar om kva for delmål og verkemiddel som best bidreg til å redusera fattigdom og framme menneskerettar. Regjeringa angjev sin politikk i stortingmeldingar.

Regjeringa Stoltenberg II skisserte opp utviklingspolitiske utfordringar og målsetninger, hovudsakleg i Stortingmelding nr. 13 (2008–2009). Klima, konflikt og kapital. Norsk utviklingspolitikk i eit endra handlingsrom.[5] Her fortel regjeringa kvifor dei meiner at klimaendringar, valdelege konfliktar og mangel på kapital er dei viktigaste utfordringane i kampen mot fattigdom. Med dette som utgangspunkt vert hovudmåla for norsk utviklingspolitikk å styrkja dei fattiges posisjon, leggja til rette for berekraftig utvikling, sikra globale gode og styrke globale kjøreregler, utnytta norske fortrinn og røynsler. Det vert òg teke til orde for at innenriks- og utviklingspolitikk skal sjåast i samanheng.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Fagetaten Norad». Henta 2. oktober 2018. 
  2. Om Norads historie
  3. Her kan du sjekka korleis u-hjelpa vert brukt, arkivert frå originalen 28. april 2012, henta 20. september 2018 
  4. Om Norads tilskottsordningar
  5. Klima, konflikt og kapital.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]