Norafjorden

Koordinatar: 61°9′20″N 6°58′14″E / 61.15556°N 6.97056°E / 61.15556; 6.97056
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

61°9′20″N 6°58′14″E / 61.15556°N 6.97056°E / 61.15556; 6.97056

Norafjorden sett frå fjella på sørsida av Sognefjorden.
Foto: Per Olav Bøyum

Norafjorden er ein fjordarm av Sognefjorden på nordsida av fjorden i Sogndal kommune. Fjorden strekkjer seg nordover til Sogndal, men vert ofte kalla Sogndalsfjorden forbi Nornessundet ved Nornes. Den totale lengda på fjorden inn til botn av Barsnesfjorden er 21 km.

"Nor" kjem av gamalnorsk og har ingenting med himmelretning å gjere. Det tyder trongt sund, eller trong passasje og hentyder på at fjorden smalnar kraftig av i motsetning til hovudfjorden , og at det er fleire nes og tronge passasjar innover fjorden. Det tyder med andre ord den smale fjorden[treng kjelde].

Fjorden har innløp mellom Fiksnes vest for grenda Slinde i nord og Meisurneset i sør. Fjorden går først austover og snur først nordover etter Nornessundet. Søraust for Slinde ligg grenda Fimreite på sørsida av fjorden. Her fann det kjende vikingslaget som er kjent som slaget ved Fimreite stad.

Riksveg 55 går på nordsida av fjorden.

For informasjon om fjorden vidare innover, sjå Sogndalsfjorden.