Hopp til innhald

Nordåsværfjorden

66°17′16.264″N 12°18′6.9876″E / 66.28785111°N 12.301941000°E / 66.28785111; 12.301941000

Nordåsværfjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommunar Dønna, Lurøy
Kart
Nordåsværfjorden
66°17′16″N 12°18′07″E / 66.28785111°N 12.301941°E / 66.28785111; 12.301941

Nordåsværfjorden er ein fjord langs kommunegrensa mellom Dønna og Lurøy kommune i Nordland. Fjorden ligg nord for Åsvær i Dønna og sør for Lovund og Solvær og har ei lengd på om lag 20 km frå vest til aust.

Fjorden strekkjer seg søraustover mot sjølve øya Dønna og her møter han tre andre fjordar. Søråsværfjorden kjem opp frå sørvest, på sørsida av Åsvær, Stifjorden går søraustover mot dei ytre delane av Ranfjorden, og Tomfjorden går nordaustover på søraustsida av Solvær.