Nordåsvatnet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nordåsvannet)
Nordåsvatnet
fjord
Land  Noreg
Kart
Nordåsvatnet
60°19′20″N 5°18′49″E / 60.322273°N 5.313735°E / 60.322273; 5.313735
Wikimedia Commons: Nordåsvannet

Nordåsvatnet er ein fjordarm på om lag 5 km² i Fana bydel i Bergen kommune. Vatnet, eller pollen, er ei fortsetjing av Grimstadfjorden og Raunefjorden. Innløpet gjennom Nordåsstraumen ved Straume er trongt og består av to kanalar, kvar med ei breidd på 12 m, ei lengd på 30-40 m og om lag 3 m djup. Til fjordsystemet høyrer òg Sælenvatnet til, som er knytt til kanalen Sælenelva slik at tidvatnet får verknad heilt inn.

Fjorden har tilsig av ferskvatn frå tre større elvar og fleire små bekkar, med Nesttunvassdraget som det viktigaste. Nedslagsfeltet er om lag 86 km², der om lag 12 km² er via Sælenvatnet. Stort tilskot av ferskvatn og det tronge utløpet gjer at fjorden har lågt saltinnhald, frå 3-10 ‰ (vår og haust) til 21-27 ‰ (sommar og vinter) i overflatevatnet og stig frå 26 til 31 ‰ mellom 10 til 40 m djup.

Eit islagt Nordåsvatnet om vinteren.

Nordåsvatnet består av to delar med ei 12 m djup grunne i mellom, det ytre og største bassenget har djup ned til 54 m, medan det indre er opptil 88 m djupe. Der er fisk å få, men mange rekna sjømat frå fjorden med skepsis. Nesttunelva renn ut ved Hopsfossen og nedanfor fossen står sjøaure og laks, på seinsommar og haust, som ikkje kjem vidare. Tilgangen til fisket er derimot vanskeleg på grunn av store vegutbyggingar i området.

Av kjende landemerke langs vatnet finn ein Gamlehaugen, Troldhaugen, Fjøsanger Hovedgård, Skjoldabukta Fana Roklubb, Breiviken og Kyrkjetangen. Dei største øyane er Marmorøyen, Ormøyna og Bønesholmen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]